Heidrunfeltet | |
---|---|
Informasjon | |
Operatør | Statoil |
Produksjon | Olje og naturgass |
Tilknytt terminal | Olje til Mongstad Gass til Kårstø og Tjeldbergodden |
Funnår | |
Oppstart | Oktober 1995 |
Geografi og geologi | |
Plassering | På Haltenbanken i Norskehavet |
Koordinatar | 65°19′N 7°20′E / 65.31°N 7.34°E
|
Rettshavarar | |
Petoro 58,16 % Norske ConocoPhillips 24,31 % |
Heidrunfeltet er eit olje- og gassfelt på Haltenbanken i den norske sektoren av Norskehavet, om lag 175 km vest for Kristiansund. Det er blitt utbygd av oljeselskapa ConocoPhillips og Statoil. Statoil er operatør for feltet. Feltet er bygd ut med ei flytande strekkstagsplattform i betong, Heidrun TLP.
Feltet blei funne av ConocoPhillips i 1985 og produksjonen starta i oktober 1995. Olja på Heidrun blir overført til tankskip på feltet og i hovudsak skipa til Mongstad, samt noko til Tetney i Storbritannia. Naturgassen går i røyrleidningar til Tjeldbergodden og sidan 2001 via Åsgard transport til Kårstø. På Tjeldbergodden vert gassen nytta som råstoff i metanolfabrikken til Statoil. Frå Kårstø går gassen vidare til Dornum i Tyskland. Frå feltet til Dornum er avstanden 1400 km.
I alt er det planlagt 76 brønnar på hovudfeltet, 51 for produksjon og 24 for vassinjeksjon, samt ein for gassinjeksjon. I august 2000 starta produksjonen på nordflanken av Heidrunfeltet. Vass- og gassinjeksjonsbrønnane gjer at det ikkje kjem skadelege utslepp frå Heidrunplattforma, slik som tidlegare var vanleg. Vatn med oljepartiklar og kjemikaliar vert pumpa ned i reservoaret igjen og medverkar òg til auka trykk, slik at utvinninga aukar.
Det er den storproduserande geita Heidrun i norrøn gudetru som har gjeve namn til feltet.
Norske olje- og gassfelt | |
---|---|
Norskehavet | |
Nordlege Nordsjøen | Tampenområdet Snorre · Sygna · Gullfaks · Statfjord · Tordis · Gullfaks Sør · Statfjord Nord · Vigdis · Kvitebjørn · Statfjord Aust · Visund · Murchison Trollområdet Fram · Gjøa · Troll olje · Troll gass · Vega Osebergområdet Brage · Oseberg Aust · Huldra · Tune · Oseberg · Veslefrikk · Oseberg Sør Frigg- og Heimdalområdet Alvheim · Heimdal · Frigg · Frøy* · Odin* · Skirne · Vale · Vilje · Volund |
Sentrale Nordsjøen | Nord Balder · Grane · Jotun · Ringhorne Aust · Glitne · Gungne · Rev · Sleipner Vest · Sleipner Aust · Sigyn · Varg · Volve · Yme Sør |