Hausa hausa, هَوُسَ | ||
Klassifisering | afroasiatiske språk | |
Klassifisering | tsjadspråk | |
Bruk | ||
Tala i | Benin, Burkina Faso, Kamerun, Ghana, Niger, Nigeria, Togo | |
Hausatalande i alt | 24 millionar som førstespråk, 15 millionar som andrespråk | |
Rangering | 41 | |
Skriftsystem | Latinsk | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Nordlege Nigeria | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | ha | |
ISO 639-2 | hau | |
ISO 639-3 | hau | |
Glottolog | haus1257
|
Hausa er eit tsjadspråk i den afroasiatiske språkfamilien. Det blir snakka som førstespråk av 24 millionar menneske, og som andrespråk av ca. 15 millionar. Hausafolk held først og fremst til i nordlege delar av Nigeria, Niger, Ghana, Kamerun, Benin og Togo og sørlege delar av Niger, Tsjad og Sudan, med ein stor minoritet i Elfenbeinskysten.[1][2]
Hausa blir snakka i Niger og nord i Nigeria, men det blir brukt som lingua franca i store delar av Vest-Afrika, spesielt blant muslimar.
Hausa er offisielt språk i den nordlege delen av Nigeria.
Hausa har eit klassisk femvokalsystem, / i, e, a, o, u /, der alle vokalane kan vere lange eller korte. I tillegg har hausa diftongane /ai, au/.
Tabellen viser konsonantane i hausa. Når den ortografiske representasjonen avvik frå IPA, er IPA-symbolet sett til i parentes.
bilabial | alveolar | post- alveolar |
retrofleks | palatal | velar | uvular | glottal | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
ust. | st. | ust. | st. | ust. | st. | ust. | st.f | ust. | st. | ust. | st. | ust. | st. | ust. | st. | |
Implosiv | ɓ | ɗ | ||||||||||||||
Ejektiv | ts (ʦ') | k' (ƙ) | ||||||||||||||
Plosiv | b | t | d | k | g | ' (ʔ) | ||||||||||
Affrikat | c (ʧ) | j (ʤ) | ||||||||||||||
Nasal | m | n | ||||||||||||||
Vibrant | r | |||||||||||||||
Flapp | r (ɽ) | |||||||||||||||
Frikativ | f (ɸ) | s | z | sh (ʃ) | h | |||||||||||
Approksimant | w | l | y (j) |
Hausa er eit tonespråk, med tre tonar, høg, låg og fallande tone.
Hausa har mange arabiske lånord.
Hausa har to genera, maskulinum og femininum. Der språket har ulike ord for referentar med biologisk hankjønn og hokjønn, er dei maskulina eller feminina, som yáròo «gut» og yáarínyàa «jente». Frå denne semantiske kjernen har hausa eit fonologisk basert genustilordningssystem: Ord på -aa er feminina, alle andre ord er maskulina.
Hausa har vore skriftfesta i meir enn 200 år, først med ein variant av det arabiske alfabetet (ajami), men deretter med det latinske alfabetet, som vart innført i byrjinga av 1900-talet. Dette alfabeter er kjend som boko (frå engelsk book), og blei offisiell skrift for hausa i 1930.[3]
Hausa har 3 konsonantar i tillegg til dei vanlege latinske: ɓ, ɗ og ƙ.
Tyding | Hausa | Tyding | Hausa |
---|---|---|---|
eg | nii | stor | bàbba |
du | kai (m.), kee (f.) | liten | ƙànkanèè |
han/ho/det | shii (m.), ita (f.) | ete | ci |
vi | muu | drikke | shaa |
dokker | kuu | sove | barcii |
dei | suu | døy | mutù |
kven? | wàà | gå | tàfi, jee |
kva? | mèè | kome | zoo |
menneske | ɗan Adàm | gje | baa, baà |
mann | mùtûm | ta | ɗaukàà |
kvinne | màcè, mààtaa | snakke | fàɗaa |
hovud | kâi | elske | soo |
auge | idòò | ein | ɗaya |
øyre | kûnnee | to | biyu |
nase | hancìì | tre | ukù |
munn | bààkii | fire | huɗu |
tann | haƙoorii | fem | bìyar |
tunge | harshèè | seks | shidà |
hjarte | zuucìyaa | sju | bakwài |
hand | hannuu | åtte | takwàs |
fot | ƙafàà | ni | tarà |
vatn | ruwaa | ti | goomà |
eld | wutaa | tjue | àshìrin |
sol | raanaa | hundre | ɗàrii |
måne | watàà | tusen | dubuu |