Hauglandsvatnet | |||
innsjø | |||
Hausdalen med Hauglandsvatnet. Sett frå Lyshornet i Os. Gullfjellet i bakgrunnen.
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Hordaland | ||
Kommune | Bergen | ||
Tilsig | Oselvo | ||
Utløp | Oselvo | ||
Nedslagsfelt | 45,01 km² | ||
Høgd over havet | 53,4 moh. | ||
Lengd | 4,5 km | ||
Breidd | 0,25 km | ||
Areal | 0,98 km² | ||
Koordinatar | 60°16′N 5°28′E / 60.267°N 5.467°E | ||
Øyar | 5 | ||
Hauglandsvatnet 60°16′52″N 5°27′54″E / 60.281°N 5.465°E |
Hauglandsvatnet er eit langstrekt vatn i Bergen kommune i Hordaland. Det ligg i Hauglandsdalen i Fana, nordaust for Kalandseidet. Vatnet er nesten 1 km² stort og om lag 4,5 km langt. Breidda er berre vel 250 meter på det breiaste. Vatnet ligg 53 meter over havet.
Det ligg fem øyar i vatnet, mellom anna Holmen og Langøyna. Langøyna er den største av dei, 500 meter lang, men berre 50-70 meter brei. Det går bru over til øya frå fastlandet og det ligg nokre hus her.
Vatnet ligg berre 220 meter nedanfor Fjelltveitvatnet, som er hovudtilsiget. Andre tilsig er Fossbekken, Sagelva og Ljosåi. Mellom Hauglandsvatnet og neste vatn i rekkja, Bahusvatnet, går Straumane, eit kort stykke på om lag 240 meter.
Langs med vatnet ligg gardane Haugland, på begge sider av den nordlege halvdelen, og lenger sør ligg Austevoll og Kaland på vestsida, og Engevik på austsida, samt utmarkene til Indre Hamre, Øvre Sandven, Nedre Sandven og Stigen.