Hakapik er ein fangstreiskap laga av eit skaft med stålsett hake og pigg i eine enden. Hakapik blir hovudsakleg brukt til selfangst.[1]
Hakapik liknar ei hakke som består av et langt skaft, gjerne av bjørk,[2] påtredd eit jern- eller stålhovud med ein butt hammar i den eine enden og ein lang pigg eller krok i den andre.
Under fangst blir hammaren brukt som ei klubbe for å knusa kraniet på selen og slå han medvitslaus. Like etterpå slår ein piggen djupt inn i hjernen på dyret for å avliva det heilt[2] og for å kunna trekka kadaveret med seg. Etter dette følgjer blodtapping, anten på isen eller ombord i fangstbåten,[3] for å garantera døden og sørgja for haldbart kjøt av betre kvalitet, og sidan flåing, spekking (fjerning av spekk frå skinnet) og vidare bearbeiding av skrotten.[2]
Hakapik har tradisjonelt vore brukt til å drepa selungar, medan vaksne individ blei skotne med gevær.[2] Hakapik har også blitt brukt til å avliva og slepa større dyr som er skotne.
Fangstreiskapen har norsk opphav og har funnest i over hundre år.[2] Slagkrok blei innført i 1969.[2] Han blir også brukt i Canada og andre stader. Inuitar og andre urfolk har tradisjonelt brukt handhaldne harpunar til selfangst. Norske fangstfolk på 1980-talet regkna hakapisk som eit svært effektivt slagvåpen[2] som drap dyret fort uten å skada pelsen.
Sjølv om fleire ekspertar reknar bruk av hakapik som ein rask avlivingsmetode, kan han opplevast som ekstra brutal. Bruken har derfor blitt sterkt kritisert i den internasjonale motstanden mot selfangst.[2] Kritikken auka særleg i åra etter at NRK i 1989 sende selfangstinspektøren Odd F. Lindberg sin dokumentarfilm om selfangst. Her blei det mellom anna vist inhuman nedslakting av selungar («[[kvitunge>kvitungar]]») med hakapik. I ein rapport frå 1988 hadde Lindberg hevda at sel blei flådd levande, og at fangstfolka påførte selen lidingar medvite.
Den norske selfangsten føregår i to område, omtalt som Austisen (Østisen) og Vesterisen. Østisen er områda utanfor Kvitsjøen i Russland si økonomiske sone. Vesterisen er havområda ved Grønland. Den som skal delta i selfangst må ha bestått ein særskild prøve i bruk av hakapik.[3]
(...)
(...) |Frå Forskrift om utøvelse av selfangst i Vesterisen og Østisen (2003, endret 2011)[3]