Libertas er namnet på fridomsgudinna i romersk mytologi. Eit tempel til hennar ære vart innvigd på Mons Aventinus av Tiberius Gracchus i 238 f.Kr., og seinare restaurert av keisar Augustus.[1] Libertas blir vanlegvis framstilt som ei matrone med laurbærkrans eller ein såkall pileus, ein kjegleforma hatt som vart nytta av romarane.[2]