Gruppa Krovi Группа Крови Studioalbum av Kino | ||
Språk | russisk | |
Utgjeve | 1988 | |
Innspelt | 1987 | |
Sjanger | Rock, russisk rock | |
Lengd | 47:19 | |
Selskap | Moroz | |
Kino-kronologi | ||
---|---|---|
Notsj (1986) |
Gruppa Krovi Группа Крови |
Zvezda Po Imeni Solntse (1989)
|
Gruppa Krovi (Группа Крови eller Blodtype) er eit album av det russiske rockebandet Kino frå 1988. Dette var albumet som for alvor sette Kino og frontfiguren Viktor Tsoj på kartet i russisk rock- og musikkhistorie. Med fengande rockemusikk ala The Smiths og The Cure, og politiske tekstar retta mot den unge generasjonen i Sovjetunionen vart Kino ekstremt populære i heimlandet. Tsoj bad ungdommen ta kontroll og gjere endringar i landet. Nokre av songane diskuterte sosiale problem som lamma nasjonen. Den enorme populariteten vart kalla «Kinomania», og Kino vart det mest populære bandet Sovjetunionen og Russland har sett til no. Noko av årsaka var den jordnære haldinga til bandet. Tsoj hadde framleis den gamle jobben sin i fyrrommet i bygget der han budde, og bandet tente aldri pengar på verken dette eller andre plater fordi dei gav vekk platene gratis.
Dette var òg det første Kino-albumet som vart spelt inn i eit nasjonalt studio, og hadde betre lydkvalitet og produksjon enn dei føregåande albuma.