Gracula | |
Veddabeostare, Gracula ptilogenys Illustrasjon av John Gerrard Keulemans, public domain | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av Gracula | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Starefamilien Sturnidae |
Slekt: | Gracula Linnaeus, 1758 |
Gracula er ei biologisk slekt tropiske medlemmar av starar med fellesnamnet beostarar. Denne slekta har representantar i tropisk Sør-Asia frå India, Bangladesh og Sri Lanka austover til Indonesia, og beostare, ein populær burfugl, har vorte introdusert til USA.
Beostarar er hekkefuglar typisk i skog og dyrka område. Reiret er bygd i eit hòl og vanleg kullstorleik er to eller tre egg.
Desse 25-30 cm lange fuglane har glansfull, svart fjørdrakt og store kvite vengeflekker som er synlege i flukt. Nebba og dei sterke beina er lyst gule eller oransje, og dei har gule hudfolder på hovudet, med form og posisjon som varierer med arten. Kjønna er like, men ungfuglar har mattare farga nebb.
Som dei fleste starar, er beostarar ganske altetande, dei et frukt, nektar og insekt.
Inntil nyleg var berre to artar anerkjente, G. religiosa og G. ptilogenys; tidlegare var alle Gracula rekna som ein og svært variabel art. Men i dag er ytterlegare tre underartar av G. religiosa aukande grad rekna som distinkte artar. Gracula-starar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011 [1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]