Ghouta | |||
oase | |||
Satellittbilete av Damaskus med Ghouta som ligg rundt.
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 33°30′00″N 36°25′15″E / 33.50000°N 36.42083°E | ||
![]() Ghouta 33°30′00″N 36°25′15″E / 33.5°N 36.420833333333°E | |||
Ghouta (arabisk غوطة دمشق, Ghūṭat Dimashq) er ei samling gardar i Rif Dimashq like aust for Damaskus i Syria. Det grøne beltet har vore eit populært fritidsområde for innbyggjarane i byen, særleg om våren. Området har vore busett sidan antikken og ei ukontrollert utvikling har gått føre seg gjennom dei føregåande tiåra. Det aukande behovet for mat under den raske folkeveksten i hovudstaden, urbanisering og industriutvikling, har auka trykket mot dette jordbrukslandet.
Damaskus Ghouta er eit grønt jordbruksbelte som ligg sør og aust for byen Damaskus.[1] Området skil byen frå dei grøne beitemarkene på grensa til Den syriske ørkenen. Det har gjeve innbyggjarane forskjellige typar korn, grønsaker og frukt i tusenvis av år.[2] På 1980-talet byrja veksten til Damaskus å erstatta jordbrukslandet i området med bustader og industri, og den grøne sona minka.[3]
I Ghouta dyrker ein plommer, poppel- og valnøttre og bomull i tillegg til mais, alfalfa, bygg og kveite.
Dette området har mange forskjellige miljøproblem, inkludert vassmangel og særs lite årleg nedbør. Det er så lite vatn i området at grunnvassnivået har auka dramatisk i store delar av Ghouta. Det er i tillegg stadig aukande forureining frå trafikken i Damaskus, industri, avfall og kloakk.
Før luftåtak frå den syriske hæren til Bashar al-Assad under den syriske borgarkrigen budde det rundt to millionar menneske i Ghouta.[4] Krigen har redusert folketalet til rundt 400 000 og ført til svolt og underernæring blant innbyggjarane.[5]