Gemse | |
Gemse | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av gemse | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
Familie: | Kvegdyr Bovidae |
Slekt: | Rupicapra |
Art: | Gemse R. rupicapra |
Vitskapleg namn | |
Rupicapra rupicapra |
Gemse (Rupicapra rupicapra) er ein dyreart i gemseslekta (Rupicapra), som vidare inngår i gruppa sauer og geiter (Caprini) og er ein del av kvegfamilien (Bovidae). Arten er utbreidd frå Dei franske Alpene austover via Alpane, Balkan, Tatrafjella, Karpatane og Dei pontiske fjella til Kaukasus. Gemse er også blitt introdusert til Argentina, Tsjekkia og New Zealand.
Mange reknar med to artar av gemsar og fleire underartar til kvar av desse, blant anna IUCN si raudliste.[1] Det er likevel ingen konsensus kring talet på artar, og nokre autoritetar reknar fleire av underartane som sjølvstendige artar. Dette gjeld blant anna dei to oppslagsverka Handbook of the Mammals of the World[2] og feltguiden Bovids of the World: antelopes, gazelles, cattle, goats, sheep, and relatives.[3]
Kroppslengda til gemsen kan bli inntil 100–130 cm og skulderhøgda inntil 70–85 cm.[3] Vekta varierer mykje og ligg rundt 14–62 kg (cirka 45 kg i snitt), avhengig av kjønn og underart. Begge kjønn har horn, som normalt mæler cirka 17–28 cm. Hornlengda varierer lite mellom kjønna, men står heller i tilhøve til den generelle storleiken på dyret.
Pelsen vekslar i farge med utbreiing og underart, frå nesten svart med raudleg grunnfarge, til nærast blakk beige med svarte og kvite innslag. Om sommaren er han raudbrun med eit lyst raudgult parti under og ein svartbrun rand langs ryggen. Om vinteren er dyret mørkbrunt eller brunsvart og buken kvit. Gemsar lever dels åleine og dels i mindre flokkar. Dei har velutvikla luktesans og høyrsle. Dyra klatrar lett i fjella, og kan til tider hoppa åtte meter langt.
Ei gruppe gemsar vart ein gong før 1924 sette ut ved Rjukan i Noreg, men dei døydde ut.[4]
Inndelinga følgjer i hovudsak Faysal Bibi (2013) og IUCN si raudliste.[5][1]