Gallirallus | |
Wekarikse i Marlborough Sounds, New Zealand Foto: Alan Liefting
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Tranefuglar Gruiformes |
Familie: | Riksefamilien Rallidae |
Slekt: | Gallirallus Lafresnaye, 1841 |
Gallirallus er ei biologisk slekt som samlar omtrent eit dusin nolevande, og fleire nyleg utdøydde rikser med utbreiing i Australasia-Stillehavs-regionen. Denne fugleslekta er prega av ei evne til å kolonisere relativt små og isolerte øyar og deretter å utvikle til former utan flygeevne, mange av dem døydde ut som følge av polynesisk busetting.
Mange av riksene, inkludert velkjente wekarikse på New Zealand, er heilt eller delvis utan flygeevne, Andre, som til dømes bandrikse, kan flytte seg over store avstandar når ho først tar til vengene, sjølv om dei ikkje er gode flygarar. Slik har flygedyktige artar i denne slekta vore i stand til å kolonisere øyane over heile regionen.
Etter at menneske kom til slike øyar, blei mange øyendemar utrydda. Det skjedde som følge av jakt, introdusert nye predatorar som rotter, hundar eller griser, og brakt uorden i dei lokale økosystema. Eit vanleg polynesisk namn på desse riksene er weka, hovudsakleg for arten bandrikse G. philippensis. På engelsk derimot, er dette namnet i regelen avgrensa til Gallirallus australis.
Ein art, guamrikse, er utdøydd i naturen, men eksisterer med ein halvvill populasjon for å førebu gjeninnføring til det opphavlege habitatet. Tre andre artar har døydd ut i historisk tid, mens nykaledoniarikse, Gallirallus lafresnayanus, sannsynlegvis er utdøydd. Enigmarikse, Gallirallus sharpei, er berre kjent frå typeeksemplaret av uklårt opphav, kan også vere utdøydd, sjølv om nyare prov tyder på at det er ugyldig, og i staden bør reknast som ein morf av bandrikse. To andre artar er frå indisium trudd å ha overlevd inn i moderne tid, men er ikkje kjente frå seinare prøver.
På den andre sida er Gallirallus-artar, med unntak av wekarikse, notorisk tilbaketrekte og sky fuglar, ofte med lite iaugefallande farger. Når ein veit at okinawarikse og calayanrikse blei oppdaga av ornitologar først på slutten av 1900-talet, og så seint som i 2004, høvesvis, så kan det ikkje utelukkast at nykaledoniarikse og enigmarikse framleis eksisterer.
Gallirallus-rikser i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]