Fut (bokmål fogd) var historisk nemninga på ein embetsmann med myndigheit som politi og oppkrevjar av skatt og bøter i eit landdistrikt. I dag blir ordet nytta om nokre offentlege tenestmenn som har til arbeid å driva inn pengar, til dømes skattefut.
Futen kunne vera ein frykta og mislikt makthavar, noko ein ser i folkeeventyr som «Fanden og futen».
Bokmålsordet fogd og nynorskordet fut har same opphavet. Fogd kjem gjennom dansk foged og mellomlågtysk voget frå latin (ad)vocatus, '(til)kalla (som juridisk rådgjevar [ordett; tilsnakker])'.[1] Ordet fut med målføreforma faut kjem frå dei norrøne formene foguti, fogutr, fugutr, fouti eller fuviti, som òg er lån frå mellomlågtysk.[2][3]