Frida Amundsen | |||
Fødd | 9. september 1992 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Vaksdal i Hordaland i Noreg | ||
Alias | Frida Amundsen | ||
Opphav | Noreg | ||
Instrument | Vokal | ||
Plateselskap | EMI | ||
Verka som | Songar og låtskrivar |
Frida Waage Amundsen (fødd 9. september 1992 i Vaksdal) er ein norsk songar og låtskrivar. Hausten 2009 signerte ho ein kontrakt med EMI, og debutalbumet September Blue vart gjeven ut i 2012. Debutsingelen «Closer» var gjeven ut 20. mai 2011, og vart spelt mykje på norsk radio. Songen er skriven og produsert av Lars K. Hustoft frå Crystal of Air Music og av Yngve Highland. Amundsen har sidan klatra på listene i Tyskland, Italia, Austerrike, Sveits, Sverige, Finland og Danmark.
Amundsen deltok med singelen «Miracle» i Selecția Națională 2014, den rumenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark. Songen er skriven av Frida Amundsen, Ovidiu Cernăuțeanu, Phillip Halloun og Victor Forberg Skogberg, og vart framført på engelsk av Paula Seling og Ovidiu Cernăuțeanu under aliaset Paula Seling og Ovi. Bidraget vann tevliga med 22 poeng, tolv frå juryen og ti frå fjernsynssjåarane.
Etter sigeren i Selecția Națională 2014 vart det kjent at Amundsen vil representere Romania i Eurovision Song Contest 2014. Bidraget vil verte framført i den andre semifinalen 8. mai 2014.
Semifinale 1 | Genti Lako og Jorgo Papingji (Albania) · Timo Vendt og Tatjana Mihhailova (Estland) · Heiðar Örn Kristjánsson og Haraldur F. Gíslason (Island) · Guntis Veilands (Latvia) · András Kállay-Saunders, Krisztián Szakos og István Tabár (Ungarn) · Ralph Siegel (San Marino) · Marija Jaremtjuk (Ukraina) |
---|---|
Semifinale 2 | Zaza Miminoshvili og Eugen Eliu (Georgia) · Viktoras Vaupšas og Vilija Matačiūnaitė (Litauen) · Richard Micallef (Malta) · Cleo (Polen) · Yuri Vaschuk og Dmitry Novik (Kviterussland) · Topi Latukka og Henri Oskár (Finland) · Hazel Kaneswaran, Jonas Gladnikoff, Rasmus Palmgren og Patrizia Helander (Irland) · Darko Dimitrov, Lazar Cvetkoski og Elena Risteska (Makedonia) · Ovidiu Cernăuțeanu, Phillip Halloun, Victor Forberg Skogberg og Frida Amundsen (Romania) · Sebastiano Paulessi (Sveits) |
Finalen | Ruth Lorenzo, Jim Irvin og Julian Emery (Spania) |