Folketeljing vert gjort med jamne mellomrom i dei fleste landa i verda for å føre statistikk over innbyggjartal og andre demografiske tilhøve. Formålet med teljingane var i tidlegare tider å få betre grunnlag for skatteinnkreving eller betre oversyn over rekrutteringa av soldatar, men statistikk kan brukast til mange ulike formål.

Dei eldste kjende folketeljingane vart haldne i Babylon, Egypt og i Kina 2000–3000 f.Kr. Romerrikets folketeljingar er kjende frå Bibelen, der er dei kalla «manntal».

På 1700-talet organiserte mange land i Europa folketeljingar, mellom dei Island i 1701, Sverige i 1748 og Danmark-Noreg i 1769. USA hadde si første folketeljing i 1790 mens England og Frankrike heldt sine første folketeljingar i 1801.

Norske folketeljingar

I Noreg er det gjennomført fullstendige systematiske folketeljingar sidan 1769. I 1769 vart også kvinnene talde med, berre dei yrkesmilitære er haldne utanfor. I motsetnad til dei eldre manntala inneheld denne teljinga ingen individualopplysningar, berre dei prestegjeldsvise summariske data om alder, kjønn og yrke er tekne vare på. For Vefsn (som då òg omfatta Grane og Hattfjelldal vart namnelistene tekne vare på, og dei er tilgjengelege gjennom Digitalarkivet.

På 1600-talet vart det ført manntalslister som berre inneheldt opplysningar om menn eller kvinner som hadde eigen gard.

Ved dei siste folketeljingane har dei kombinert opplysningar på spørjeskjema med opplysningar frå blant anna Folkeregisteret og GAB. Den siste folketeljinga i Noreg vart gjennomført 3. november 2001. Dei registra som finst over befolkning, sysselsetting og bustader er no så omfattande at styresmaketene meiner det ikkje er naudsynt å gjennomføre fleire skjemabaserte teljingar

Søking etter personar i folketeljingene

Folketeljingane for 1801, 1865, 1875, 1900 er digitalisert av Digitalarkivet og Registreringssentral for historiske data, og er gjort søkbare på nettet. For den første folketeljinga, som vart halden i 1769, er dei fleste av namnelistene gått tapt, slik at berre dei numeriske resultata er tatt vare på.

Folketeljingar i Noreg

På nettet: