Peter Knight | |||
Peter Knight og Maddy Prior på Fairport's Cropredy Convention 2006 | |||
Fødd | 27. mai 1947 (77 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | London | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Instrument | fiolin, mandolin, fele | ||
Plateselskap | Chrysalis | ||
Verka som | musikar, mandolinspelar, felespelar |
Peter Knight (fødd 27. mai 1947) er ein britisk folkemusikar. Han var tidlegare medlem i den britiske folkrockgruppa Steeleye Span. Han var fødd i London og lærte seg å spele fiolin og mandolin som barn, før han gjekk på Royal Academy of Music frå 1960 til 1964. Innspelingane til den irske felespelaren Michael Coleman inspirerte han til å delta på irske pubinnspelingar. Han slo seg saman med gitaristen og songaren Bob Johnson fram til 1970, då han vart med i Steeleye Span. Johnson vart sidan òg med i Steeleye Span i 1972.
I midten av 1970-åra var han i løynd medlem av The Wombles og spelte på Top of The Pops som Uncle Bulgaria. Han forlet Steeleye Span i 1977. Knight spelte sidan inn eit album med Johnson igjen. I 1980 kom han attende til Steeleye Span og spelte på alle albuma deira etter det fram til Wintersmith. I 2013 slutt han igjen i bandet.[1]
| |
Studioalbum |
|
Konsertalbum |
|
Tilknytte artiklar |
|