Flintshire | |||
distrikt | |||
|
|||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Konstituerande land | Wales | ||
Adm.senter | Mold | ||
Areal | 437,4901 km² | ||
Folketal | 155 593 (2018)[1] | ||
Flintshire 53°13′03″N 3°08′35″W / 53.217469444444°N 3.1431666666667°W | |||
Wikimedia Commons: Flintshire | |||
Flintshire (walisisk Sir y Fflint) er eit grevskap i det nordlege Wales. Det grensar mot Wrexham og Denbighshire i Wales og dei engelske grevskapa Merseyside (på andre sida av River Dee) og Cheshire. Administrasjonsbyen er Mold.
Det noverande grevskapet vart oppretta i 1996, men Flintshire har ei lengre historie. Grensene for det tradisjonelle og det administrative grevskapet stemmer ikkje heilt overeins. Spesielt gjeld dette eksklaven Maelor Saesneg, som vert administrert som del av Wrexham og Prestatyn og Rhyl som er ein del av Denbighshire.