Fjelberg | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Kvinnherad | ||
Postnummer | 5459 FJELBERG | ||
Fjelberg 59°44′18″N 5°42′24″E / 59.738333333333°N 5.7066666666667°E |
Fjelberg er ein kyrkjestad i Kvinnherad kommune i Vestland. Staden ligg på Fjelbergøy i Klosterfjorden. Fjelberg var ein eigen kommune frå 1837 til 1965. Fjelberg var den fyrste kommunen i Noreg som tok nynorsk som administrasjonsspråk.[1]
Fjelberg kommune vart oppretta som Fjelberg formannskapsdistrikt i 1837.
I 1855 blei Fjelberg (3 587 innb.) slått saman med Eid (1 207 innb) til den nye Fjelberg kommune.
I 1865 blei Vikebygd sokn (1 062 innb.) skild ut frå Fjelberg og slått saman med Finnås (2 227 innb) til Sveen (Sveio) kommune.
1. januar 1898 blei ein del av Stord med 117 innbyggjarar overført til Fjelberg kommune.
1. juli 1916 blei Ølen (1 715 innb.) skild ut frå Fjelberg som eigen kommune. Fjelberg hadde etter frådelinga 1 926 innb.
1. januar 1965 blei Fjelberg slått saman med Kvinnherad, det meste av Varaldsøy og delar av Skånevik til den nye Kvinnherad kommune. Fjelberg hadde ved samanslåinga 2 308 innb.
Folketalsutvikling for tidlegare Fjelberg kommune frå 1916 til 1965:
1.7.1916 | 1.12.1920[2] | 1.12.1930[3] | 3.12.1946[3] | 1.1.1951[4] | 1.1.1961[4] | 1.1.1965 |
---|---|---|---|---|---|---|
1926 | 1884 | 2249 | 2115 | 2148 | 2281 | 2308 |