David Oistrakh spelar ein fiolinkonsert, 1960 Fiolinkonsert (forkorting for konsert for fiolin og orkester ) er ein solokonsert med fiolin som soloinstrumentet.
Sjangeren utvikla seg frå concerto grosso på byrjinga av 1700-talet og fekk eit heilt eige preg i wienerklassisismen .
Ein klassisk fiolinkonsert består tradisjonelt av tre satsar, hurtig-langsam-hurtig, der den første satsen plar å vere på sonatesatsform med to eksposisjonar - ein for solisten og ein for orkesteret og den siste er ein rondo . Ein klassisk konsert inneheld gjerne ein improvisert kadens for solisten sin bravuroppvisning. Seinare vart det vanleg å bruke utskrivne kadensar. Ein konsert frå seinare periodar kan òg ha friare form.
Fleire kjende komponistar skreiv verk i sjangeren, til dømes skreiv Antonio Vivaldi ei mengd fiolinkonsertar, med «Dei fire årstidene » som det mest kjente dømet. Mozart skreiv fem konserter, Beethoven , Brahms , Mendelssohn og Jean Sibelius skreiv ein kvar.
Utvald liste med fiolinkonsertar
Konsertane her er av dei mest kjende i vestleg klassisk musikk.
Johann Sebastian Bach
Samuel Barber
Fiolinkonsert, Op. 14 (1939)
Béla Bartók
Fiolinkonsert No. 1 (1908)
Fiolinkonsert No. 2 (1938)
Ludwig van Beethoven
Fiolinkonsert i D-dur, Op. 61 (1806)
Alban Berg
Fiolinkonsert «To the memory of an angel» (1935)
Johannes Brahms
Fiolinkonsert i D-dur, Op. 77 (1878)
Max Bruch
Fiolinkonsert No. 1 i g-moll, Op. 26 (1867)
Antonín Dvořák
Fiolinkonsert i a-moll, Op. 53 (1879–1880)
Alexander Glazunov
Fiolinkonsert i a-moll, Op. 82 (1904)
Felix Mendelssohn
Fiolinkonsert i e-moll, Op. 64 (1844)
Wolfgang Amadeus Mozart
Fiolinkonsert No. 1 i H-dur, K. 207 (1773)
Fiolinkonsert No. 2 i D-dur, K. 211 (1775)
Fiolinkonsert No. 3 i G-dur, K. 216, Strassburg (1775)
Fiolinkonsert No. 4 i D-dur, K. 218 (1775)
Fiolinkonsert No. 5 i A-dur, K. 219, Tyrkisk (1775), med alternative Adagio i E, K.261 (lagt til 1776)
Niccolò Paganini
Fiolinkonsert No. 1 i D-dur, Op. 6, MS 21 (ca. 1811–17)
Fiolinkonsert No. 2 i h-moll, Op. 7, MS 48, La Campanella (1826)
Fiolinkonsert No. 3 i E-dur, MS 50 (ca. 1826–30)
Sergei Prokofiev
Fiolinkonsert No. 1 i D-dur, Op. 19 (1917)
Fiolinkonsert No. 2 i g-moll, Op. 63 (1935)
Robert Schumann
Fiolinkonsert, WoO 23 (1853)
Dmitri Sjostakovitsj
Fiolinkonsert No. 1 i a-moll, Op. 77 (1948, rev. 1955 as Op. 99)
Fiolinkonsert No. 2 i ciss-moll, Op. 129 (1967)
Jean Sibelius
Fiolinkonsert i d-moll, Op. 47 (1904)
Pjotr Ilyitsj Tsjaikovskij
Fiolinkonsert i D-dur, Op. 35 (1878)
Antonio Vivaldi — mange, særleg:
L'estro Armonico , Op. 3 (1711)—tolv konsertar
La stravaganza , Op. 4 (ca. 1714)
Dei fire årstidene (ca. 1725)—fire konsertar, dei fire første numra I Il cimento dell'armonia e dell'inventione , Op. 8
Konsert i a-moll