Ficedula | |
Dvergflugesnappar, Ficedula parva, hannfugl i vinterdrakt Foto: Dhaval Vargiya
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Overfamilie: | Muscicapoidea |
Familie: | Flugesnapparfamilien Muscicapidae |
Underfamilie: | Saxicolinae |
Slekt: | Ficedula Brisson, 1760 |
Ficedula er ei biologisk slekt av insektetande fuglar, og slekta er medlem av flugesnapparfamilien, Muscicapidae. Leveområdet er generelt Eurasia, men eit fåtal av artane lever i område av Afrika sør for Sahara utanom hekketida.
Dei 34[1] artane i den biologiske slekta Ficedula er ei gruppe av flugesnapparartar med generelt svært varierande og fargerike fjørdrakter.[2] Dei fleste artane har leveområde i Asia. Jamvel om denne gruppa av flugesnapparar har stor variasjon i utsjånad, er det somme morfologiske fellestrekk og felles levevis. Kroppsform og storleik er mykje einsarta. Typisk er dei 11-12 centimeter i total lengd, ytterpunkta er knøttflugesnappar, Ficedula hodgsoni, som kan vere 9 centimeter og siratflugesnappar, Ficedula strophiata som kan bli over 14 cm.[3]
Kjønnsdimorfisme er typisk for slekta, unnataket er artane sumbaflugesnappar, Ficedula harterti og skuggeflugesnappar, Ficedula crypta, begge øyartar. Kjønna er like òg hos rusthaleflugesnappar, Ficedula ruficauda i Himalaya og India. Somme artar syner òg monaleg skilnad mellom kjønna i storleik, slik at hannar har lengre vengfjører og halefjører enn hoer.[2] Hoene er generelt i meir kamuflerande farger enn hannar og manglar ofte preg av draktmønster.
Fjørdrakta syner variasjonar over fleire tema. I Europa og Afrika lever fire artar i gruppa der hannar har eit svartkvitt draktmønster. Hoene hos desse artane har erstatta svart eller nær svart med brungrått, men er elles i same mønster som hannar. Ein av desse artane er svartkvit flugesnappar, Ficedula hypoleuca, dei andre er balkanflugesnappar, Ficedula semitorquata, atlasflugesnappar, Ficedula speculigera og halsbandflugesnappar, Ficedula albicollis. I Asia finn ein òg ein art i svartkvitt: kvitbrynflugesnappar, Ficedula westermanni, men hoa har annleis draktmønster enn hannen, ho manglar kvit augebrynsstripe og kvit flekk på vengen.[3]
Ultramarinflugesnappar, Ficedula superciliaris, i Asia, har ein annan draktvariant som liknar dei svartkvite artane i Europa og Afrika. Hannen har djupt blått i det svarte på oversida, hoa er utan mønster, meir eller mindre gråbrun over det heile, med lysare underside enn overside.[3] Dei fleste artane i gruppa[note 1] som er knytt til Himalaya, har slik som ultramarinflugesnappar, noko blått eller blygrått i fjørdrakta hos hannar.[3]
Hannar av tre artar har oransje i strupe eller brystområdet, er elles i grått, brunt og kvitt. Desse er dvergflugesnappar, Ficedula parva, taigaflugesnappar, Ficedula albicilla og siratflugesnappar, Ficedula strophiata. Både hoene og hannar utanom hekkesesongen har mindre iaugefallande drakt hos dei tre artane.[3]
Mange artar i Søraust-Asia har raudbrun underside til midt under buken, attanfor kvit; og mykje mørk overside, mellom anna mugimakiflugesnappar, Ficedula mugimaki og skiferryggflugesnappar, Ficedula sordida. Hoene er langt mindre fargerike.[3]
Mange, men ikkje alle er langdistansetrekkfuglar, andre gjer vertikale trekk. 15 av artane er standfuglar, inkludert dei som lever på øyar i Søraust-Asia.[3]
Ein finn flest artar og variasjon i sørlege og austlege Asia og her er òg dei mest fargerike artane representerte. Unnatak er dei fire artane i Europa og Afrika med svartkvite fjørdrakter hos hannar. Ein art som er vanleg i sentrale og austlege Europa inkludert Sør-Sverige og Sør-Finland, men overvintrar på det indiske subkontinentet, er dvergflugesnappar.
Eit fåtal dannar ei undergruppe som er endemiske for Filippinane og Wallacea.[note 1] Gruppa inkluderer damarflugesnappar, Ficedula henrici, tanimbarflugesnappar, Ficedula riedeli, luzonflugesnappar, Ficedula disposita og palawanflugesnappar, Ficedula platenae.
Blant Ficedula-artane finn ein berre svartkvit flugesnappar som vanleg hekkefugl i Noreg. I hekketida kan han treffast over hele landet, minst vanleg i dei to nordlegaste fylka. Dvergflugesnappar er ein sjeldan og uregelmessig hekkefugl i Noreg, til dømes var det ei kjend hekking i Oslo i 2017. Det finst færre enn 15 registreringar av halsbandflugesnappar etter år 2000. Sikre observasjonar av andre Ficedula-artar i landet er ikkje kjende.[4]
Ficedula i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[5] Gruppering etter geografisk utbreiing, i same rekkefølge:[note 1]