Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya ((tr)) etter påstanden.
Fiat 128, 1970-modell

Fiat 128 er ein bilmodell frå den italienske bilprodusenten Fiat og som blei produsert mellom 1969 og 1985. Modellen blei introdusert som erstattar for Fiat 1100. Han blei kåra til Årets Bil i Europa for 1970.

Fiat 128 var ved lanseringa ein avansert bilmodell. Han var blant dei fyrste personbilane med forhjulstrekk og tversmontert motor. Det var ikkje noko gjennombrot i seg sjølv, når mellom anna Mini var tidlegare ute med eit tilsvarande oppsett, men Fiat 128 hadde i tillegg drivakslar i ulik lengde, noko som gjorde det mogleg å plassere motor og girkasse side om side, eit oppsett som sidan har vore svært populært i små bilmodellar.

Kjelde

[endre | endre wikiteksten]
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.