Feda er ein tidlegare kommune i Vest-Agder fylke[1][2], oppretta i 1900 og lagt ned i 1962.[1] Området er no del av Kvinesdal kommune.[1]
Kommunen femnde landet på begge sider av Fedafjorden,[2] og hadde same utstrekking som Feda sokn. Kommunesenteret låg i strandstaden Feda der Fedaelva renn ut. Feda var i eldre tid tingstad for bygdene kring, og staden har vore kyrkjestad sidan mellomalderen.[2]
Feda kommune grensa til Flekkefjord og Gyland i nord, Kvinesdal i aust og Lyngdal og Farsund i sør.
Feda kommune vart skipa 1. januar 1900 ved at Feda sokn var skild ut frå Kvinesdal kommune (som då heitte Liknes) som eigen kommune.[1] Ved opprettinga budde det 1090 personar i kommunen. 1. januar 1963 vart området saman med Fjotland kommune slege saman att med Kvinesdal. Ved nedlegginga budde det 576 personar i kommunen.[1]