Fat Bottomed Girls Singel av Queen frå albumet Jazz | ||
A-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 13. oktober 1978 | |
Innspelt | 1978 | |
Sjanger | ||
Lengd | 4:16 (album), 3:22 (singel) | |
Selskap | ||
Komponist | Brian May | |
Tekstforfattar | Brian May | |
Låtskrivar(ar) | Brian May | |
Produsent |
| |
Queen-kronologi | ||
«It's Late» (1978) |
Fat Bottomed Girls | «Don't Stop Me Now»
(1979)
|
«Fat Bottomed Girls» er ein song av det britiske rockebandet Queen. Han er skriven av gitaristen Brian May og vart gjeven ut i 1978 på albumet Jazz, og seinare på samlealbumet Greatest Hits.[2] Songen vart gjeven ut på singel i lag med «Bicycle Race», og nådde 11. plassen på UK Singles Chart, og 24. plassen på Billboard Hot 100 i USA.[3][4]
Songen er basert kring ein open bluesaktig, metallisk gitarstemming, med ein melodi som opnar seg med refrenget.[5] Det var ein av få Queen-songar i ei alternativ gitarstemming, ei drop D-stemming.[6] Musikkvideoen til songen vart filma i Dallas Convention Center i Texas i oktober 1978.[7]
Queen spelte «Fat Bottomed Girls» på konsertar frå 1978 til 1982.[8][9][10]
Etter songen kom ut har han blitt nytta i fjernsyn og filmar, og har blitt spelt av mange andre artistar.[7]
Songen har eit anna vokalarrangement i studio enn på konsertane. På konsertane vart refrenget sungen av Freddie Mercury og harmonisert med ei øvre stemme (Roger Taylor) og ei nedre stemme (Brian May). I studioversjonen er det ikkje ein høgare harmonivokal. Solovokalen på versa vert sungen av Freddie Mercury, medan Brian May syng solovokal på refrenget.
Singelversjonen (som finst på Greatest Hits) utelèt dei lange gitarmellomspela mellom versa og tonar ut før slutten.[11]
I 1991 vart det gjeve ut ein remiksa versjon av songen av Matt Wallace som bonusspor på Hollywood Records-utgåva av Jazz.
I 1992 miksa Organized Konfusion songen for det seinare skrinlagde samlealbumet BASIC Queen Bootlegs. Denne versjonen inneheld alternativ vokal av Mercury, i tillegg til ein hiphop-produksjon og rap vers som var lagt til.
«Fat Bottomed Girls» vart gjeven ut som dobbel A-side med songen «Bicycle Race», og inneheld linja «Get on your bikes and ride 'em».[11] «Bicycle Race» inneheld teksten «Fat bottomed girls, they'll be riding today/So look out for those beauties, oh yeah»,[12] slik at begge songane refererer til kvarandre.
Fall Out Boy og The Band Perry framførte songen i lag på CMT Crossroads. Mark Salling song songen i TV-serien Glee.
Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Storbritannia (BPI)[13] | Sølv | 250 000^ |
^salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|