«Fanitullen» er nemninga på ein slått og ei historisk segn, stadfest til Øvre Hallingdal på 1700-talet.
Samtidige rettsvitnemål fortel at det retteleg var eit drap på Larsgard i Hovet under eit barsøl i 1724. Drapsmannen var, som segna seier, Ådne Sindrol. I dei fleste variantane er det fortald at tønna der fanden sat og spela slåtten, låg i kjellaren under huset, og at kjøgemeisteren kom oppatt og fann Levord daud med det same slåtten tona ut. I denne varianten sit den vonde på tønna «ute i garde», slik at heile laget ser og høyrer.
Det skal og finnast ein variant av segna frå Hemsedal, som truleg er knytt til eit bryllaup. Denne varianten vart grunnlaget for det kjende diktet Jørgen Moe skreiv over segna, og som er den mest kjende attgjevinga. Moe skreiv sin versjon i 1850-åra, mens nasjonalromantikken var på sitt sterkaste. Her foregår handlinga i eit bryllaup i Hemsedal, og Jørgen Moe har lagt til ekstra dramatiske effektar, som beltespenning. Moe har truleg også hatt tilgang på andre kjelder og forteljarar.
Motivet med Fanden på tønna er ein variant av segna om faen på bordlasset, som er knytt til ei rekkje ulike slåttar, gjerne gangarar. Det er berre i segna om Fanitullen ein finn ei slik dramatisk oppbygging av segna, og at det heile endar med drap. Difor har og segna fest seg uvanleg godt.
Slåtten som er knytt til segna er ein lausslått i 2/4-takt, for det meste spela på trollstilt, men og på høg ters (A-E-A-E). I Telemark finst slåtten som lyarlått, mellom anna spela av Eivind Groven. Den mest kjende forma i dag er etter Odd Bakkerud, som laga ei storform som har vore svært populær som konsertnummer. Denne forma var mellom anna kjenning for Norsktoppen i fleire år, spela av Christiania Fusel & Blaagress, leia av Øystein Sunde (innspeling 1968).
Johan Halvorsen laga eit tonedikt over slåtten og segna, som og er kalla Fanitullen. Opningstaket i dette verket er i røynda henta frå gangaren Førnesbrunen.
Slåtten finst som nr 165 i hardingfeleverket, med to variantar: a etter Sevat Sataøen,[1] og b etter Odd Bakkerud.[2] Elles finst det ein variant av slåtten på Grålysingsstille, nr 63 etter Sevat Sataøen, og i tillegg ein variant frå Valdres, Fan på Øltunna, etter Andreas Hauge (nr 121), på meir vanleg felestille (A-D-A-D).
Fanitullen på Wikikilden (frie originaltekstar) |