Estlandssvenskar er personar som høyrer til den svenske etniske gruppa i Estland. Etter den andre verdskrigen vart ho nesten utsletta, då om lag 80 % av alle estlandssvenskar flykta til Sverige, der dei har vorte buande.

Historie

Sidan tidleg mellomalder, kanskje også tidlegare, har svenskar/skandinavar budd på begge sider av Austersjøen, framfor alt i det noverande Finland, men også i Estland og i Kurland i Latvia.

Så seint som i mellomkrigstida fanst det ein minoritet på omkring 10 000 personar, hovudsakleg busette i kystnære område og på øyane.

Minst tusen estlandssvenskar vart att i Estland etter den andre okkupasjonen til Sovjetunionen i 1944, men dei vart forfølgde av sovjetstyresmaktene.

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Nettstader

Litteratur