Ernst Sars

Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. oktober 1835
Florø
Død

27. januar 1917 (81 år)
Christiania

Yrke historikar, politikar, professor
Språk norsk, dansk
Politisk parti Venstre
Far Michael Sars
Mor Maren Sars
Ernst Sars på Commons

Johan Ernst Welhaven Sars (11. oktober 183527. januar 1917) var ein norsk historikar og politikar frå Florø. I 1870 fekk han universitetsstipendiat, og i 1874 vart han professor ved Det kongelige Frederiks Universitet i Kristiania.

Det mest kjende verket hans er Udsigt over den norske historie, som kom i fire band mellom 1873 og 1891. Bøkene fekk ein viktig posisjon då nasjonalstaten Noreg skulle etablerast. Sars trekte fram dei lange linene i ei samanhengjande norsk historie frå vikingtida til på 1800-talet.

Eit anna viktig verk var Norges politiske historie 1814-1885, som kom ut i åra mellom 1899 og 1904.

Sars var ein av sjefsideologane i partiet Venstre i den nasjonale reisingstida før unionsoppløysinga i 1905, og hadde omgang med ånsdhøvdingar som Bjørnstjerne Bjørnson og A.O. Vinje. Kvar søndag samla han og mora politikarar og intellektuelle til diskusjonsmøte heime hos seg i Bærum. Sjølv tok han ikkje imot framståande verv i rikspolitikken.

Familie

Foreldra til Ernst Sars var Michael Sars og Maren Cathrine Welhaven Sars. Mora var syster av diktaren Johan Sebastian Welhaven. Under prestetida i Florø fekk ekteparet Sars sønene Ernst og Georg Ossian Sars. Dei hadde 18 andre sysken, men havforskaren G. O. Sars og historikaren Ernst Sars er dei mest kjende av syskena.

Ved 100-årsjubileet til Florø by i 1960 vart det avduka ein dobbelbyste av Ernst og broren Georg Ossian Sars. Den står i parken ved Flora Samfunnshus.

Bibliografi

Bøker

Kjelder

Bakgrunnsstoff