Erinyer (gresk Ἐρῑνύες, fleirtal av Ἐρῑνύς; 'dei mørke' eller 'dei sinte')[1][2][3] var kvinnelege ktoniske hemngudinner i gresk mytologi. Dei blei tidvis omtalte som «underjordiske gudinner» (χθόνιαι θεαί). Ein formelpregea eid i Iliaden påkalla dei som «dei som under jorda straffar den som har svore falskt».[4]
Theogonien til Hesiod fortel at erimnyene oppstod frå bloddropane som fall på jorda (Gaia) då titanen Kronos kastrerte faren sin Uranos.[5] I andre myter oppstod dei frå Nyx (Natta), eller frå samkvem mellom lufta og jorda (Eter og Gaia).[6][7][8][9][10]