Eiken er eit kyrkjesokn i Lister prosti i Agder og Telemark bispedøme i Den norske kyrkja.[1] Soknet svarer til nordre delen av Hægebostad kommune, og var til prestegjeldsordninga vart avvikla i 2004 del av Hægebostad prestegjeld.[2] Soknekyrkje er Eiken kyrkje i grenda Eiken.[3] Kyrkjestaden ligg på ein tange som stikk ut i innsjøen Lygne og det har vore kyrkje der sidan mellomalderen.[4] Dagens kyrkje er frå 1817[3], den førre var frå 1671.[2]
Soknet har namn etter garden Eiken der kyrkja ligg.
Området var frå 1916 til 1962 eigen kommune, sjå Eiken kommune.