Earth Angel Singel av The Penguins | ||
A-side |
«Hey Señorita» | |
---|---|---|
Utgjeve | Oktober 1954[1] | |
Innspelt | kring august–september 1954[2] | |
Sjanger | ||
Lengd | 2:57 | |
Selskap | Dootone | |
Låtskrivar(ar) |
| |
Produsent | Dootsie Williams | |
The Penguins-kronologi | ||
Earth Angel | «No There Ain't No News Today / When I Am Gone» (1954)
|
«Earth Angel» (stundom kalla «Earth Angel (Will You Be Mine)») er ein song av den USA-amerikanske doo-wop-gruppa The Penguins. Han vart produsert av Dootsie Williams og gjeven ut som debutsingelen deira i oktober 1954 på Dootone Records. The Penguins hadde oppstått året før og spelt inn songen som ein demo i ein garasje i sørlege Los Angeles. Opphavet til songen var omstridd og kjem frå fleire kjelder, mellom anna songar av Jesse Belvin, Patti Page og The Hollywood Flames. Usemje om forfattarskapen førte til ein bitter rettsstrid med Williams i åra etter singelen kom ut.
Sjølv om songen vart overdubba med fleire instrument, vart den originale demoversjonen ein uventa hit, og gjorde det kjapt betre enn A-sida av singelen. Songen byrja å gjere det bra i Sør-California, og spreidde seg ut over heile landet i løpet av vinteren 1954-1955. «Earth Angel» vart den første utgjevinga frå eit sjølvstendig selskap som gjekk inn på den nasjonale poplista til Billboard, der han nådde topp 10. Han var ein stor hit på R&B-lista og låg på toppen av denne lista i fleire veker. Ein coverversjon av ei kvit vokalgruppe, The Crew-Cuts, klatra enno høgare på poplista, til ein tredjeplass. Fleire coverversjonar følgde, mellom andre av Gloria Mann, Tiny Tim, Johnny Tillotson og Elvis Presley.
Songen vart den einaste hitten til The Penguins, og selde etter kvart over 10 millionar eksemplar. Den originale innspelinga selde godt gjennom heile 1950-åra, og vert no rekna som ein av dei mest kjende doo-wop-songane. I 2005 var songen ein av 50 innspelingar som vart vald ut av Library of Congress for National Recording Registry, eit nasjonalt platearkiv, som gjeld innspelingar som er «kulturelt, historisk eller estetisk viktige».
«Earth Angel» har blitt mykje spelt av andre artistar, og mange av dei kom like etter songen vart ein suksess, mellom andre fleire kvite artistar som Gloria Mann, Pat O'Day og Les Baxter.[3] Elvis Presley spelte inn ein uformell versjon av songen medan han var i militæret i Tyskland.[3] «The Flying Saucer» (1956) vert ofte rekna som den første mashup-songen[4][5] og sampla songen utan løyve.[6] Andre versjonar er blitt spelt inn av Johnny Tillotson, The Cleftones, The Vogues, New Edition, The Temptations, Joan Baez, Bella Morte og Johnny Preston.[7]
Sjølv om The Penguins alrdi fekk ein annan suksess, har denne songen blitt mykje hylla. Rolling Stone plasserte songen på 152. plassen på lista si over dei 500 største songane gjennom tidene, og kalla han «ei særs viktig innspeling i den tidlege utviklinga av rock and roll. Den naturlege, uanstrengde vokalen til The Penguins, fire svarte skuleelevar frå L.A., definerte gatehjørneelegansen i doo-wop».[8]
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
|
153: «Foxy Lady» Jimi Hendrix |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 152 «Earth Angel» The Penguins |
151: «Eight Miles High» The Byrds |