Dvergdukkar | |
Dvergdukkar | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Sterkt truga Utbreiinga av dvergdukkar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Podicipediformes |
Familie: | Dukkarfamilien Podicipedidae |
Slekt: | Tachybaptus |
Art: | Dvergdukkar T. ruficollis |
Vitskapleg namn | |
Tachybaptus ruficollis Pallas, 1764
|
Dvergdukkar (Tachybaptus ruficollis, der ruficollis tyder 'med raud hals') er den minste arten av dukkarfamilien i Europa. Fuglen er sjeldsynt i Noreg, og finst berre nokre få stader, helst i Oslofjordområdet, nord til stroket ikring Mjøsa, på Jæren og Sunnmøre, men vert å sjå ganske ofte i våtmarker og langsetter kysten om hausten og vinteren.[1] Fyrste gongen fuglen vart observert hekkande i Noreg, var i 1973. Han er utbreidd i Afrika og Asia
Dvergdukkaren er 23-29 centimeter, hovudsakleg med grå fjørdrakt, men med tydeleg rustraude kinn og hals, og dessuten ein markert gulkvit flekk ved nebbrota. Om vinteren er fjørdrakta dominert av grått. Båe kjønna er like.
Reiret vert plassert i takrøyrskog i små tjern eller dammar.
Dvergdukkar er ført opp som sterkt truga på norsk raudliste for artar, 2021.[2]