东莞 (Dōngguǎn) | |
---|---|
![]() | |
Styresmakter | |
Land Provins |
Folkerepublikken Kina Guangdong |
Oppretta | 331 |
Geografi | |
Flatevidd | 2 460,08 km² |
Flatevidd - By |
2465 km² |
Innbyggjarar - By (2020) - folketettleik |
6947200[1] 2614,9/km² |
Koordinatar | 23°2′N 113°43′E / 23.033°N 113.717°E |
Tidssone | UTC + 8 (UTC+8) |
Diverse anna | |
Postnummer | 523000 |
Telefon-retningsnummer | 769 |
Bilnummer | S |
Heimeside: http://www.dongguan.gov.cn/ | |
Nettstad: dongguan.gov.cn |
Dongguan er eit byprefektur i provinsen Guangdong i Folkerepublikken Kina. Byen ligg på kysten mot Sørkinahavet.
Byen ligg nær Shenzhen og Hongkong og tar del i den sterke økonomiske veksten i området rundt Perlefloda.
Namnet Dongguan kjem frå «guancao», eit grasslag som det er mykje av i området. Historia til Dongguan går tilbake til Zhide-styret under Tang-dynastiet (757). Her står det meir enn tusen år gamle Xichen-tårnet, og her er Ke-hagen som er ein av dei fire vidgjetne hagane i Guangdong-provinsen. Dongguan har og sjøfartsmuseum, Weiyuan-batteriet, og Humenbrua over Perlefloda. Det var ved Humen at keisaren sin kommissær Lin Zexiu brann konfiskert opium i 1839, ei hending som utløyste første opiumskrig.
Dongguan er prega av lettindustri. Dei mange fabrikkane gjer at byprefekturet vert sett som det mest produktive i Kina. Det vert framfor alt produsert elektrisk utstyr, farmasøytiske produkt, matvarer, tekstilar og sko. Dongguan har kring 2000 skofabrikkar; i dei fire produksjonssentera til den største skoprodusenten, Pou Chen, arbeider kring 160 000 arbeidarar (2007).[treng kjelde] Dongguan har også stor dataindustri.
Byprefekturet Dongguan er administrativt oppstykka litt annleis enn systemet elles er i Folkerepublikken. Delar av prefekturet femner tre distrikt:
Men byprefekturet styrer også 25 storkommunar som ikkje er organisert i distrikt eller fylke. Dei storkommunane som ligg rett under byprefekturet er: