Den tidlegare polarskuta RSS «Discovery» vart nytta i Discovery Investigations mellom 1923 og 1931.

Discovery Investigations var fleire britiske forskingsekspedisjonar i Sørishavet for undersøking av kval. Dei vart finansiert av Colonial Office og organisert av Discovery Committee i London som vart skipa i 1918. Føremålet med undersøkingane var å skaffe eit vitskapleg grunnlag for forvaltinga av kvalførekomstane i Antarktis. Arbeidet resulterte i ny kunnskap om kval, krillen dei lever av og oseanografien i habitata deira. Undersøkingane pågjekk fram til 1951.

Laboratorium

[endre | endre wikiteksten]

Landbaserte undersøkingar vart gjort på Sør-Georgia mellom 1925 og 1931, i eit marinbiologisk laboratorium på King Edward Point. Forskarane budde og arbeidde i bygningen, og vart transportert den snaue kilometeren over King Edward Cove til Grytviken for å studere kval som vart frakta i land av kvalbåtar.

Fartøy

[endre | endre wikiteksten]

Forskingsfartøya som vart nytta var:

Rapportar

[endre | endre wikiteksten]

Resultat frå undersøkingane vart trykt i Discovery Reports. Dette var ein serie med mange små rapportar som vart utgjeve i 38 bind av Cambridge University Press og seinare Institute of Oceanographic Sciences. Den siste rapporten fanst i 1980.

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]

Discovery Investigations er skildra i følgjande bøker:

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]