I sumerisk mytologi var det ein heilag stad i den austlege ytterkanten av verda og heimstaden til den vise Utnapishtim, som ifølgje segnene var om lag like gammal som Metusjalah. Staden er skildra i Gilgamesjeposet på leirtavla som er graven ut frå biblioteket etter assyrarkongenAsurbanipal (688–ca. 527 f. Kr.) i Ninive. Omsetjinga frå kileskrift skildrar staden: «Der (i Dilmun) drep inga løve, røvar ingen ulv lam, der jammerar ingen sjuke, dei er sjuke, eller eit gammalt menneske, det er gammalt. Dilmun er eit signa land.»
Den sumeriske soga om paradishagen Dilmun kan ha vore ein inspirasjon for soga om Edens hage.[7][8][9]
Arkeologar var lenge usikre på om dei spora som fanst av tidlegare kulturar var frå det historiske Dilmun. Den danske arkeologen P.V. Glob var i si tid med på utgravingane og følte seg rimeleg sikker på at det dei fann i Bahrain stamma frå denne kulturen.
↑Jesper Eidema, Flemming Højlund (1993). «Trade or diplomacy? Assyria and Dilmun in the eighteenth century BC». World Archaeology24 (3): 441–448. doi:10.1080/00438243.1993.9980218.