Devi som den høgste guddommen, ståande over ein liggande Sjiva og andre gudar.

Devi (hindi og sanskrit देवी, Devī) tyder 'gudinne' og blir brukt innan hinduismen for å visa til ulike kvinnelege gudeformer, særleg når dei blir tilbedne åleine. Ho kan sjåast på som ei morgudinne, ettersom Devi ofte blir tilbeden som ei mor.

Den maskuline utgåva av ordet er Deva. Andre nemningar på Devi er Mahadevi ('store gudinne'), Mahimata ('moder jord'), Jai Mata Di ('heilage mor') og Mata Rani ('moderdronning').

Devi som hovudguddom

Gudinna er særleg viktig innan sjaktismen, der ho blir sett på som hovudmanifestasjonen av det guddommelege. Det finst fleire tekstar der ho blir opphøgd til skapar og øydeleggjar av universet, medan dei mannlege gudane står under henne i makt og heilagdom. Puranaen Devi Bhagavata inneheld til dømes atten tusen hymne til eller om gudinna.

Former av Devi

Alle dei personleggjorte gudinnene innan hinduismen kan reknast som former av Devi. Dei opptrer med ulike former som kan delast inn i kategoriar:

Kali
Kali


Laksjmi
Laksjmi

Devi som namn

Devi er eit vanleg kvinnenamn for hinduar, og finst i eit utal samansetjingar, som Sridevi, Lakshmidevi, og mannsnamnet Deviprasad. Rabri Devi er namnet på den mangeårige sjefsministeren i Bihar. Phoolan Devi var ei vidkjend «bandittdronning» som gjekk inn i politikken.

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Devi