Degania Alef | |||
landsby | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Jordandalen | ||
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Emek HaYarden | ||
Koordinatar | 32°42′29.16″N 35°34′29.63″E / 32.7081000°N 35.5748972°E | ||
Folketal | 517 (2008)[1] | ||
Grunnlagd | 1910 | ||
• Grunnlagd av | = Jødiske pionerar | ||
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
![]() Degania Alef 32°42′29″N 35°34′30″E / 32.7081°N 35.574897222222°E | |||
Wikimedia Commons: Degania Alef | |||
Nettstad: www.degania.org.il |
Degania Alef (hebraisk דְּגַנְיָה א', D'ganya Alef) er ein kibbutz nord i Israel. Han høyrer til Emek HaYarden regionale kommune og var den første kibbutzen i Israel. Han vart grunnlagd i 1909.[2]
Degania Alef var den første kibbutzen som vart grunnlagd av jødiske sionist-pionerar i Palestina, då under osmansk styre. Han vart grunnlagd av ei gruppe på ti menn og to kvinner.[3][4] Degania Bet vart grunnlagd i sør i 1920. Den 20. mai 1948 under slaget i Kinarotdalen dreiv Degania Alef og Degania Bet attende eit syrisk åtak.[4]
Diktaren Rachel, «arbeidarprofeten» A.D. Gordon og Joseph Trumpeldor arbeidde alle i Degania Alef. Gideon Baratz var det første barnet som var fødd i kibbutzen og Moshe Dayan var det andre. Dayan vart kalla opp etter Moshe Barsky, det første kibbutz-medlemmet som vart drepen i eit arabisk åtak.[5] Barsky vart drepen i november 1913. Han var aleine på markene då han vart skoten i ryggen av arabiske bandittar.[6]
Begge Degania-landsbyane ligg langs sørbreidda av Genesaretsjøen. I 1947 hadde Degania Alef eit folketal på 380. Under den israelsk-arabiske krigen i 1948 vart busetnaden fullstendig øydelagd av den syriske hæren.[7] I følgje ei bok frå 1949 av Jewish National Fund vart landsbyen øydelagd under åtak på dei nærliggande jødiske landsbyane Shaar Hagolan og Massada. Innbyggjarane gjorde motstand og sette i gang eit motåtak og gjorde at dei kunne vinne attende nabolandsbyane. Gjenoppbygginga starta nesten med ein gong. Namnet kjem frå «dagan», som tyder «korn».[8]
Kibbutzar | Afikim · Alumot · Ashdot Ya'akov Ihud · Ashdot Ya'akov Meuhad · Beit Zera · Degania Alef · Degania Bet · Ein Gev · Ginosar · Hukok · Kvutzat Kinneret · Ma'agan · Masada · Ravid · Sha'ar HaGolan · Tel Katzir |
---|---|
Moshavar | |
Andre landsbyar |