Davik er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Sogn og Fjordane fylke som blei oppretta som Davik formannskapsdistrikt i 1837.[1] I 1965 blei norddelen av kommunen del av Vågsøy og Eid kommune og sørdelen del av Bremanger kommune.[2]
Kommunen var identisk med Davik prestegjeld. Prestegjeldet var delt i Davik og Rugsund sokn, i tillegg til Ålfoten kapellsokn. Store delar av prestegjeldet/kommunen låg på nordsida av Nordfjorden, medan kommunesenteret låg på sørsida. Nordsida var mest folkerik, men alle soknekyrkjene låg på sørsida. Davik kyrkje i Davik var hovudkyrkja for kommunen.
1. januar 1913 blei ein del av Davik, garden Metteneset med 3 innbyggjarar, overført til Gloppen kommune.
1. januar 1964 blei Husevågøy, Grindøy, Gangsøy, Risøy og området nord for Nordfjorden austover til Levdal i kommunen slått saman med Sør- og Nord-Vågsøy kommunar og delar av Selje til den nye Vågsøy kommune. Desse delane av Davik hadde 1 216 innbyggjarar.
1. januar 1965 blei området sør for Nordfjorden og øyområda (bortsett frå øyane som året før gjekk inn i Vågsøy), i tillegg til det meste av Bremanger, slått saman til den nye Bremanger kommune. Dei delane av Davik som gjekk inn i Bremanger hadde 1 567 innbyggjarar.
Frå same dato gjekk området nord for Nordfjorden austover frå og med Levdal i Davik slått saman med Eid kommune og delar av Hornindal kommune til den nye Eid kommune. Det var 654 innbyggjarar frå Davik som gjekk inn i denne nye kommunen.
Folketalsutvikling for tidlegare Davik kommune frå 1890 til 1964:
1890[1] | 1.12.1920[3] | 1.12.1930[4] | 3.12.1946[4] | 1.1.1951[5] | 1.1.1961[5] | 1.1.1964 |
---|---|---|---|---|---|---|
3170 | 3400 | 3380 | 3658 | 3627 | 3594 | 3489 |