Dansestormsvale | |
Underarten O. g. gracilis utanfor Callao Foto: Roar Johansen
| |
Status | |
Status i verda: Datamangel | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Stormfuglar Procellariiformes |
Familie: | Oseansvalefamilien Oceanitidae |
Slekt: | Oceanites |
Art: | Dansestormsvale O. gracilis |
Vitskapleg namn | |
Oceanites gracilis Elliot, 1859
|
Dansestormsvale, Oceanites gracilis, er ein liten sjøfugl i oseansvalefamilien Oceanitidae. Det finst to underarter, O. g. gracilis, som lever i Humboldtstraumen utanfor Peru og Chile, og O. g. galapagoensis, som finst i farvatna rundt Galápagosøyane.
Dette er ei lita stormsvale, ca. 15 til 16 centimeter, og sotsvart med kvit overgump og kvite flekker eller område på bakre buk og bleike område under vengene.[1] Ho har lange bein som strekkjer seg bak halen under flyging.
Trass stadige observasjonar av denne arten er han veldig dårleg kjent, berre eitt reir har nokosinne blitt funne. Beitevanane til Galápagos-underarten er uvanleg blant stormsvaler når dei beitar nært land, i motsetnad til alle andre stormsvaleartar som lever utelukkande pelagiske.