Copia er namnet på ei romersk gudinne som personleggorde overflod. Ho bar eit overflodshorn kjend som cornu copiae eller 'Copia sitt horn'. Dette inneheldt rikdom, grøde og alle gode gåver.[1] Gudinna er tilknytt Fortuna, lukkegudinna som også ber overflodshorn, og har mange av dei same eigenskapane til Abundantia.[2]
Det latinske ordet copia tyder 'rikeleg'. Det tydde også 'løyve, høve', og fekk gjennom uttrykk som copiam describendi facere, 'løyve til å gjera ein transkripsjon', mellomaldertydinga 'transkripsjon' og er opphav til det moderne ordet kopi.[3]
Copia var også namnet på ein romersk by bygd over ruinane til den rike greske byen Sybaris som låg sør i dagens Italia, mellom elvane Crathis (Crati) og Sybaris (Coscile).