Coney Island Baby Studioalbum av Lou Reed | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | December 1975 (USA) 19. januar 1976 (Storbritannia) | |
Innspelt | October 18–28, 1975 | |
Studio | Mediasound, New York City | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 35:15 | |
Selskap | RCA | |
Produsent | Lou Reed, Godfrey Diamond (Steve Katz bonus tracks 2, 4–6) | |
Lou Reed-kronologi | ||
---|---|---|
Metal Machine Music (1975) |
Coney Island Baby | Rock and Roll Heart (1976)
|
Coney Island Baby er det sjette soloalbumet til den amerikanske rockemusikaren Lou Reed, utgjeve i desember 1975 i USA og i januar 1976 i Storbritannia, på RCA Records.
Albumet har blitt skildra av Anthony DeCurtis som «kanskje det mest romantiske albumet i karrieren til Reed».[1] Mange av songane på albumet var inspirerte av og dedisert til kjærasten og musen til Reed på den tida, ei transkvinne kalla Rachel Humphreys.[2][3] I følgje Aidan Levy var Coney Island Baby «like mykje eit kjærleiksbrev til Rachel som det var til den nostalgiske Coney Island.»[4]
Tittelsporet på albumet referer direkte til Rachel i linja «I'd like to send this one out to Lou and Rachel, and all the kids at P.S. 192.»[5] «P.S. 192» syner til ein skule i Brooklyn i New York City, der Reed gjekk før han flytta til Long Island i New York.[6] I 1979 sa Reed «Å sei 'I'm a Coney Island baby' mot slutten av den songen er som å sei at eg ikkje har vika ein tomme. Og det skal du ikkje gløyme.»[7][8] Det er eit direkte framhald av diktet «The Coach and Glory of Love» publisert hausten 1971-utgåva av The Harvard Advocate.
Albumet inneheld songen «She's My Best Friend», ein versjon av ein song som opphavleg vart spelt inn av bandet til Reed, The Velvet Underground, i 1969, og som sidan kom ut på samlealbumet VU i 1985. 30-årsjubileumsutgåva av Coney Island Baby inneheld bonusspor med den tidlegare bandkollegaen til Reed i Velvet Underground, Doug Yule.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [9] |
Blender | [10] |
Chicago Tribune | [11] |
Christgau's Record Guide | B+[12] |
Encyclopedia of Popular Music | [13] |
The Guardian | [14] |
Pitchfork | 8.5/10[15] |
Q | [16] |
The Rolling Stone Album Guide | [17] |
Spin Alternative Record Guide | 7/10[18] |
I ei melding for Rolling Stone i 1976 skreiv Paul Nelson «For dei åtte flotte songane på Coney Island Baby, samla Reed saman det beste bandet han har gjort sidan The Velvet Underground. Michael Suchorsky sitt allsidige, kontrollerte trommespel er særskild prisverdig, og Reed sjølv har til og med klart å gjenopplive sitt intense, individualistiske gitarspel frå slutten av sekstitalet. Enno betre er det han har skrinlagt den nylege FM-DJ-vokalstilen til fordel for sjølvsikker, uttrykksfull song. Songane i seg sjølv – like strukturerte og melodiske som noko anna Reed har skrive – er tidlaus, forrykande rock & roll, og styrken til sjangeren vert framheva av det enkle og logikken i den skarp, taktile produksjonen (av Reed og Godfrey Diamond) og forsiktige, ressurssterke arrangement som vektlegger både elektrisk og akustisk gitar og oppfinnsam korvokal.»[19]
I Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies (1981) sa Robert Christgau at «Til å begynne med er det gledelig å konstatere at han prøver hardare, men det tar ikkje langt tid før den gamle lurvete keisamheita byrjar å stikke igjennom. Merkelig nok er det meste av dei billige tinga nær overflaten - songane høyrest varmare ut når du lyttar nært. Og ikkje ein gong i sine mest lyriske augneblink med The Velvets har han lete si mjuke side vise seg så nakent som ho gjør på tittelkuttet.»[12]
I Rock: The Rough Guide (1996) skreiv Roy Edroso om Reed og trekte fram Coney Island Baby som «det mest behagelege softrockalbumet til Reed» og «Hans sans for humor har aldri vore betre enn på 'A Gift', og tittelsporet minner deg om kvifor Jonathan Richman idoliserte Reed: kven ellers ville ha vore så frekk å prøve å finne 'the glory of love' i draumeria til ein uroleg komande fotballspelar på vidaregåande skule (i doo-wop-stil, ikkje mindre)?».[20]
Alle songar er skrivne av Lou Reed.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Crazy Feeling» | 2:56 |
2. | «Charley's Girl» | 2:36 |
3. | «She's My Best Friend» | 6:00 |
4. | «Kicks» | 6:06 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
5. | «A Gift» | 3:47 |
6. | «Ooohhh Baby» | 3:45 |
7. | «Nobody's Business» | 3:41 |
8. | «Coney Island Baby» | 6:36 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
9. | «Nowhere at All» | 3:17 |
10. | «Downtown Dirt» | 4:18 |
11. | «Leave Me Alone» | 5:35 |
12. | «Crazy Feeling» | 2:39 |
13. | «She's My Best Friend» | 4:08 |
14. | «Coney Island Baby» | 5:41 |
Teknisk
Liste(1975/76) | Plassering |
---|---|
Australia (Kent Music Report)[21] | 25 |
Nederland | 11 |