Classic Queen Samlealbum av Queen | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 3. mars 1992 | |
Innspelt | 1972–1990 | |
Sjanger | rock | |
Lengd | 75:10 | |
Selskap | Hollywood | |
Produsent | Roy Thomas Baker, David Bowie, David Richards, Mack og Queen | |
Queen-kronologi | ||
---|---|---|
Greatest Hits II (1991) |
Classic Queen | Box of Tricks (1992) |
Singlar frå Classic Queen | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | link |
The Rolling Stone Album Guide | [1] |
Classic Queen er eit samlealbum frå 1992 med songar av det engelske rockebandet Queen. Det vart gjeve ut for å utnytte Queen-feberen som brått hadde oppstått i USA etter at filmen Wayne's World kom ut.[2] Albumet nådde fjerdeplassen på den amerikanske Billboard 200, og har selt til 3x platinaplate i USA og 5x platina i Canada.[3][4]
Sjølv om det vart kritikarrost som ei glimrande samling, passa det ikkje inn med dei tidlegare Queen-samlingane. Det overlappa både Greatest Hits frå 1981 og Greatest Hits II frå 1991, og inneheld nokre spor som ein ikkje finn på nokre av desse. Hollywood Records gav derfor ut Greatest Hits på ny i USA, med to spor som ikkje var på den originale 1981-utgåva.
Det samla salet for Greatest Hits II og Classic Queen har vore i overkant av 23 millionar verda over.[5]
Kring 1992 gav Hollywood Records ut Greatest Hits på ny for at denne skulle følgje Classic Queen. Dei to samlingane hadde nesten likt plateomslag, der Greatest Hits har ein raud bakgrunn, og Classic Queen ein kongeblå. Sidan dei to albuma vart gjevne ut i lag, manglar Classic Queen mange av dei store hittane til Queen, som «Another One Bites the Dust», «We Will Rock You», «We Are the Champions», «Somebody to Love» og «Don't Stop Me Now», sidan desse finst på Greatest Hits.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «A Kind of Magic» (frå A Kind of Magic, 1986) | Roger Taylor | 4:23 |
2. | «Bohemian Rhapsody» (frå A Night at the Opera, 1975) | Freddie Mercury | 5:59 |
3. | «Under Pressure» (unik miks, opphavleg frå Hot Space, 1982) | David Bowie, John Deacon, Brian May, Mercury, Taylor | 4:03 |
4. | «Hammer to Fall» (singelversjon frå The Works, 1984) | May | 3:40 |
5. | «Stone Cold Crazy» (frå Sheer Heart Attack, 1974) | Deacon, May, Mercury, Taylor | 2:15 |
6. | «One Year of Love» (frå A Kind of Magic, 1986) | Deacon | 4:28 |
7. | «Radio Ga Ga» (frå The Works, 1984) | Taylor | 5:48 |
8. | «I'm Going Slightly Mad» (frå Innuendo, 1991) | Deacon, May, Mercury, Peter Straker, Taylor | 4:21 |
9. | «I Want It All» (singelversjon, frå The Miracle, 1989) | May | 4:01 |
10. | «Tie Your Mother Down» (frå A Day at the Races, 1976) | May | 3:45 |
11. | «The Miracle (Edited For Compact Disc)» (unik versjon, frå The Miracle, 1989) | Deacon, May, Mercury, Taylor | 4:24 |
12. | «These Are the Days of Our Lives» (frå Innuendo, 1991) | Deacon, May, Mercury, Taylor | 4:14 |
13. | «One Vision» (edit, frå A Kind of Magic, 1986) | Deacon, May, Mercury, Taylor | 4:38 |
14. | «Keep Yourself Alive» (frå Queen, 1973) | May | 3:45 |
15. | «Headlong» (frå Innuendo, 1991) | Deacon, May, Mercury, Taylor | 4:38 |
16. | «Who Wants to Live Forever» (frå A Kind of Magic, 1986) | May | 5:15 |
17. | «The Show Must Go On» (frå Innuendo, 1991) | Deacon, May, Mercury, Taylor | 4:31 |
Total lengd: | 75:10 |
Land | Liste | Salstrofé | Sal |
---|---|---|---|
USA | 4 | 3× platina[3] | 3 000 000 |
Canada | — | 5× platina[4] | 500 000 |
Studioalbum | |
---|---|
Konsertalbum | |
Samlealbum | Greatest Hits · Greatest Hits II · Classic Queen · The 12" Collection · Queen Rocks · Greatest Hits III · Stone Cold Classics · The A–Z of Queen, Volume 1 · Absolute Greatest · Deep Cuts (Volume 1, 2, 3) · Icon · Queen Forever |
Andre album | The Cosmos Rocks (med Paul Rodgers) · Five Live av George Michael og Queen (med George Michael) |
Plateboksar | The Complete Works · The CD Single Box · Box of Tricks · Ultimate Queen · The Crown Jewels · The Platinum Collection · The Singles Collection (Volume 1, 2, 3, 4) |
Videoar | We Will Rock You · The Freddie Mercury Tribute Concert · Greatest Video Hits 1 · Queen at Wembley · Queen Rocks · Greatest Video Hits 2 · We Are the Champions: Final Live in Japan · Queen on Fire – Live at the Bowl · Queen Rock Montreal · Hungarian Rhapsody: Queen Live in Budapest · Live at the Rainbow '74 · A Night at the Odeon - Hammersmith 1975 |
Turnear | Queen II-turneen · Sheer Heart Attack-turneen · A Night at the Opera-turneen · Summer Gigs 1976 · A Day at the Races-turneen · News of the World-turneen · Jazz-turneen · Crazy Tour · The Game-turneen · Hot Space-turneen · The Works-turneen · The Magic-turneen · Queen + Paul Rodgers-turneen (med Paul Rodgers) · Rock the Cosmos-turneen (med Paul Rodgers) · Queen + Adam Lambert-turneen 2012 (med Adam Lambert) · Queen + Adam Lambert-turneen 2014–2015 (med Adam Lambert) · Queen + Adam Lambert-turneen 2016 (med Adam Lambert) |
Tilknytte artiklar | Diskografi · Konsertar · Queen + Paul Rodgers · Queen + Adam Lambert · Queen & Adam Lambert Rock Big Ben Live · Highlander · Flash Gordon · Ibex · Larry Lurex · Mike Grose · Smile · The Cross · The Brian May Band · One Night of Queen · Queen: The eYe · We Will Rock You · We Will Rock You: 10th Anniversary Tour · Queen at the Ballet · Deacy Amp · The Official International Queen Fan Club · Mercury Phoenix Trust · Queen Extravaganza Tour · Mountain Studios · Red Special · Spike Edney · Jim Beach · John Reid · |