Chloroceryle | |
Chlorocerylehann | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Råkefuglar Coraciiformes |
Familie: | Isfuglfamilien Alcedinidae |
Underfamilie: | Cerylinae |
Slekt: | Chloroceryle Kaup, 1848 |
Chloroceryle er ei slekt av isfuglar som lever innanfor alle land i Mellom-Amerika og store delar av Sør-Amerika aust for Andesfjella. Alle fire artar er klassifiserte som livskraftige, LC, av IUCN.
Dette er isfuglar med den typiske isfuglforma, kort hale og langt kraftig rettpeikande nebb. Alle har fjørdrakt med iriserande grøn overside og mørk grønt hovud, strupe og ring mot nakken i kvitt eller oransje, og varierande grad av av raudbrun og kvit underside avhengig av art og kjønn.[1]
Beiteteknikken er typisk for familien, dei sit på ei grein og stupdukkar direkte eller etter eit kort svev. Den litle bronseisfuglen kan snappe insekt i flukt. Den primære føda er fisk, men dei tar også krepsdyr og andre vassdyr.
Chloroceryle-isfuglane hekkar ved elvebreidder i skog eller mangrovar, og grev ein lang horisontal tunell i vertikale jordskrentar fram til reirplassen.
Alle fire artar har overlappande utbreiingsområde, og kan fiske i same vatn; likevel er vektforholdet mellom aenea, americana, inda, amazona nesten nøyaktig 1: 2: 4: 8, noko som motverkar direkte konkurranse om føda. Ringisfugl, Megaceryle torquata, ein fjernare nærskyld, finst òg på ved dei same elvene, men er dobbelt så tung som den største Chloroceryle, amazonisfugl.
Fugleslekta Chloroceryle samlar fire av dei seks artane av isfuglar på det amerikanske kontinentet. Dei to andre artane er ringisfugl, frå Mexico til Eldlandet, og belteisfugl i Nord-Amerika med overvintring i Mellom-Amerika og nordlegaste Sør-Amerika. Begge dei to er medlem i slekta Megaceryle. Totalt er det ca. 117 artar i isfuglfamilien.