Cercotrichas
Hekkskvett, Cercotrichas galactotes Foto: El Golli Mohamed
Hekkskvett, Cercotrichas galactotes
Foto: El Golli Mohamed
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Eupasseres
Familie: Flugesnapparfamilien Muscicapidae
Stamme: Copsychini
Slekt: Cercotrichas
F. Boie, 1831

Cercotrichas er ei biologisk slekt av krattskvettar og hekkskvettar i flugesnapparfamilien, Muscicapidae.

Dette er mellomstore insektetande fuglar i slekta Cercotrichas. Dei var tidlegare i trastefamilien, (Turdidae), men vert oftare no handsama som ein del av den gamle verdas flugesnapparfamilie, (Muscicapidae). Dei er ikkje nært nærskyldt med krattskvettar i slekta Drymodes, som er medlemmer av australske flugeskvettar.

Slektsnamnet Cercotrichas er frå antikken sin greske kerkos, «hale» og trikhas, «trøst».[1]

Krattskvettar og hekkskvettar er hovudsakleg afrikanske artar som lever i open skog eller i krattskog, hekkar i buskar eller på bakken, men arten hekkskvett har òg hekkeområde i Sør-Europa og austover til Pakistan.

Artslista

[endre | endre wikiteksten]

Kategorisering av taksona i denne slekta varierer frå autoritet til autoritet. BirdLife International (2017) IUCN raudliste for fuglar listar berre fem artar.[2] EBird/Clements Checklist v2017 listar heile 11 artar.[3]

Cercotrichas i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
Referansar
  1. Jobling, James A. (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London, United Kingdom: Christopher Helm. s. 97. ISBN 978-1-4081-2501-4. .
  2. Søk i BirdLife International (2017) IUCN Red List for birds. Henta 10. desember 2017
  3. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. september 2017 
  4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Cercotrichas