Centurion[1] (latin centurio; gresk κεντυρίων, kentyríōn eller ἑκατόνταρχος, hekatóntarkhos) var ein profesjonell militær befalingsmann i den romerske hæren. Etter Marius sine militærreformer i 107 f.Kr. hadde ein centurion kommando over eit centurie på omtrent 100 menn, der 20 var ikkje-stridende støtte.[2]
Ein centurion bar truleg en sølvforgylt rustning som vyrdeteikn. Ein senior centurion kommanderte kohortar eller hadde seniorstabposisjon i sin legion. Ein hadde også centurionar i den romerske marinen. I den bysantinske hæren var dei også kjende under nemninga kentark (gresk κένταρχος, kentarchos).[3]