Caroline Graham Hansen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. februar 1995 (29 år) Oslo |
Yrke | fotballspelar |
Høgd | 174 centimeter, 173 centimeter |
Caroline Graham Hansen på Commons |
Caroline Graham Hansen (fødd 18. februar 1995) er ein norsk fotballspelar frå Oslo som spelar på FC Barcelona Femení (2020).
Ho hadde per 31.7.2017 spelt 51 landskampar og skåra 15 mål. Hansen spelte EM-finalen 2013 mot Tyskland der det vart norsk tap med 0-1.
Hansen debuterte på Stabæk IF i 2010 og spelte på laget til ho hausten 2013 gjekk over til det svenske topplaget Tyresö. Ho treivst ikkje og vende tilbake til Stabæk IF våren 2014. I juli 2014 fekk ho kontrakt med VfL Wolfsburg og har sidan då spelt for det tyske topplaget.
På det norske landslaget har finte- og dribleflinke Hansen oftast teke plass på høgrevengen i angrepet. Ho debuterte for Noreg 26. oktober 2011 og var med i den norske fyrsteellevaren under Fotball-EM 2013 i Sverige. Både i 2015 og -16 var ho plaga av skadar, og kom ikkje med i VM-troppa 2015. Derimot deltok ho då Noreg tapte alle tre gruppespelkampane i Fotball-EM 2017, der ho mellom anna mislukkast i å skåre på straffespark i kampen mot Danmark.