Burfjord | |||
tettstad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommune | Kvænangen | ||
Areal | 0,59 km² | ||
Folketal | 390 (2023) | ||
Folketettleik | 661 / km² | ||
Burfjord 69°56′16″N 22°03′07″E / 69.937777777778°N 22.051944444444°E |
Burfjord er ei bygd, ein tettstad og administrasjonssenter i Kvænangen kommune i Finnmark. Bygda ligg inst i Burfjorden, som er ein austleg arm av Kvænangsfjorden, nært E 6 som går mot Alta. Staden har 390 innbyggjarar per 1. januar 2023.
Bygda har bank, bensinstasjon, sjukestove, gjestgjevari og utsal for samisk husflid. Det er samband med båt til øyane og dei veglause grendene i Kvænangen.