Brunkinnskogtrast | |
Brunkinnskogtrast Foto: Matt Reinbold
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig ██ Hekkeområde██ Trekkområde██ Overvintring | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Eupasseres |
Familie: | Trastefamilien Turdidae |
Slekt: | Catharus |
Art: | Brunkinnskogtrast C. ustulatus |
Vitskapleg namn | |
Catharus ustulatus Nuttall, 1840
|
Brunkinnskogtrast (Catharus ustulatus) er ein fugl i trastefamilien som hekkar i Nord-Amerika. Han er ein langdistansetrekkfugl med overvintring i Mellom-Amerika og i Sør-Amerika.
Brunkinnskogtrast er mykje lik gråkinnskogtrast i storleik og utsjånad, og har i stor grad overlappande utbreiing.
Brunkinnskogtrast er ein liten trast, ca. 16–20 centimeter i kroppslengd, og kroppsvekt på 25–37 gram.[1] Fargene i fjørdrakta er mykje som ein måltrast i Europa, olivenbrun overside, nesten kvit underside med mørke markeringar som blir lysare bakover sidene. I motsetnad til måltrasten har skogtrastane breie lengdestriper på undervengen i kvitt og mørkt, der måltrasten er einsfarga rustgul. Brunkinnskogtrast kan skiljast frå gråkinnskogtrast med litt tydelegare augering og meir markert teikna kinnparti.[2]
Brunkinnskogtrast er ein amerikansk trasteart som hekkar i Alaska, austover i eit breitt belte over nordlege Canada til og med Newfoundland. Dessutan i dei nordaustlegaste statar av USA og i vestlege statar, og sørover langst stillehavskysten til sørlegste California. Overvintring skjer i Mellom-Amerika frå sørlege Mexico, og i vestlege Sør-Amerika langs og på begge sider av Andes sør til nordvestre Argentina.[1]
Hekking skjer i skogshabitat hovudsakleg i barskog, men òg i blanda lauvskog. Om vinteren kan dei òg leve i meir opne område, vanlegvis under ca. 2000 moh.[1]
Føda er mange typar leddyr og frukt, og dei beitar i tre lågt over bakken. Om vinteren kan dei beite på frukt i flokkar, somme tider i fleirartsflokkar.[1]
Det er samla fem observasjonar av brunkinnskogtrast i Noreg, alle om hausten.[3] Den siste registreringa er frå Utsira i Rogaland i oktober 2019.[4] Ca. 75 andre registreringar er gjort i Europa, dei fleste i Storbritannia og dei fleste av desse i oktober månad.
Artstaksonet som det er skildra her er per EBird/Clements Checklist v2019,[5] og det inkluderer seks underartar: C. u. ustulatus, C. u. phillipsi, C. u. oedicus, C. u. incanus, C. u. appalachiensis, og C. u. swainsoni. Dei tre sistnemnde underartane er skilt ut som enda eit artstakson Swainson's Thrush (Catharus swainsoni) Tschudi, 1845, hos andre autoritetar, slik som hos HBW Alive og IUCN.[6]