NB! Denne malen skal ikkje innehalde noko som ikkje allereie er lagt inn i mastermalen på meta. Sjå m:Template:Wikimania 2010 Stockholm/news for dei siste oppdateringane.
Dei siste nyhenda frå søknadsgruppa til Wikimania i Stockholm
September 2008
28. september:
- Eit ekstraordinært søndagsmøte vart halde etter at det hadde vore litt problem med å få alle til møte på torsdagskveld. Torsdagsmøte vil halde fram frå rundt 9. oktober.
- Mikael Lindmark trekkjer seg frå søknaden, nytt medlem er Oskar Sigvardsson som tek over plassen hans.
- Oppgåver vart diskutert att, kvar enkelt si oppgåve vart gjort tydeleg greie for. Ei tidslinje vart sett, der ein viss prosent av kvar oppgåve burde vore utført innan neste møte (9. oktober). Den fyrste oppgåva burde vore ferdig innan byrjinga av november i dei fleste tilfella. Dei som er ferdig med oppgåvene sine tidleg vil få tildelt nye oppgåver.
- Ei avstemming vart halde om kva stad lokalkonferansen skal nytte: Fluff, Bjelleklang, Mike_H, Laaknor, JHS, OskarS, CarinaT og Henrik stemde ja til Universitetet i Stockholm. Ingen stemde imot, men Patricia og Wegge var fråverande på møtet. Andre høve som vart diskuterte før avstemminga var Kongelege Tekniske Høgskule (KTH), Stockholmsmessa, og Globen.
- Mike_H vart vald som midlertidig søknadskomiteleiar, ingen gjekk imot.
- Spørsmålet om gjestetalarar under konferansen vart stilt; Mike ba alle kome med forslag til neste møte 9. oktober.
- Carina tok opp eit forslag som fyrst vart posta til e-postlista av Sir48. Før Wikimania, er det føreslått å organisere møte i Oslo, Helsingfors, København og Reykjavík av dei lokale wikipedantane, og så kan alle reise samla derfrå til Stockholm på konferansen. Nordmennene, danskane og finnane var alle einige om at det var ein veldig god ide. Carina føreslo at det skulle vere med i søknaden, og Mike sa seg frivillig til å skrive det inn. Søknadsgruppa kjem også til å prate med den islandske utsendinga dei neste vekene og be om deira innspel på denne ideen.
August 2008
28. august:
- Fyrste offisielle møte i søknadsgruppa vart halde; loggar ligg tilgjengelege på m:Wikimania_2010/Bids/Stockholm/logs. Det vart også bestemt at torsdagar klokka 20:00 norsk tid skal vera fast møtetidspunkt.
- Ei e-postliste vart bestemt oppretta[1], Henrik tek seg av den saka og er listeadministrator.
- Det vart bestemt at Wikimania skal haldast i veke 32, nærare bestemt 5.–8. august 2010. Sjølv om dette til ein viss grad kan kollidere med sommarferie for mange, seier retningslinjene til Wikimedia at Wikimania skal haldast ein gong mellom juli og midten av august. Dersom hotell/konferansestad ikkje er ledig i den valde perioden, vart det føreslått å halde konferansen ei veke tidlegare.
- Delar av søknaden vart gjennomgått, og Mike trakk fram fleire punkt frå Atlantasøknaden og fortalde litt om desse. Det dreiar seg i hovudsak om punkt som ikkje er påkravde, men som kan vere eit ekstra pluss for søknaden. Han vil også skrive introduksjonsseksjonen i søknaden, koordinere omsetjingar, og skrive det opne brevet til juryen som skal avgjere kven som vert tildelt Wikimania 2010.
- Patricia vart vald til å koordinere arbeidet med sponsorar og andre potensielle samarbeidspartnarar, og vil jobbe saman med folk frå dei andre landa for å koordinere på tvers av landegrensene.
- Christoffer vil lage ei liste over aktuelle hotell og starte arbeidet med å finne brukbare plassar deltakarane kan overnatte på. I tillegg vil han skrive ned litt meir om praktiske ting rundt sjølve konferansen.
- Lars skal ta for seg presseseksjonen, og skrive til pressa i alle dei nordiske landa. Dette vil vere til nytte seinare når vi skal lage PR rundt konferansen.
- Carina skal handtere alt arbeid i høve til mat; alt frå korleis dette skal løysast på konferansestaden, til eit enkelt oversyn over alternative etestader. Ho vil etter kvart også kome i kontakt med dei ulike hotella for å sikre at desse kan oppfylle eventuelle særkrav for reisande frå resten av verda.
- Jon Harald skal ta føre seg Stockholm, og skrive meir rundt sjølve byen og presentere denne for deltakarane.
- Anders vil skrive meir om transport, både i sjølve Stockholm og nærliggjande område såvel som korleis ein kjem seg dit.
- Og til slutt, så vart Fluff og Mikael utpeikte til å gå gjennom søknaden med lupe for å finne eventuelle svakheiter og manglar. Dette vil vere naudsynt for å lage ein best mogleg søknad!
26. august:
- Eit nytt møte er planlagt for torsdag 28. august klokka 20.00 norsk tid. Fokuset vil vere på følgjande punkt:
- Dei neste skritta for søknadsgruppa.
- Eventuelle roller innanfor søknadsgruppa bør diskuterast og eventuelt fordelast.
- Mogelege sponsorar og støtteordningar
Frå tidlegare: