Brosme | |
Brosme | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av brosme | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Orden: | Torskefisk Gadiformes |
Familie: | Torskefamilien Gadidae |
Underfamilie: | Lotinae |
Slekt: | Brosme |
Art: | Brosme B. brosme |
Vitskapleg namn | |
Brosme brosme |
Brosme (Brosme brosme) er ein fisk i torskefamilien, den einaste arten i slekta Brosme. Han kan bli opp i 1,2 meter lang og vege opp mot 20 kg. Vaksne individ lever helst på 100–1000 meters djupn. Det er ein botnnær djupvassfisk. Brosme skil seg frå andre torskfiskar ved at han berre har éin lang ryggfinne.
Fisken vert kjønnsmoden i 8–10-årsalderen. Det er kjende gyteområde utanfor kysten av Sør- og Midt-Noreg, og sør og sørvest av Færøyene og Island. Det er gyting frå april til august, seinast i nord.[1]
Norske fiskarar tek omlag 70 % av det oppfiska kvantum av brosme. For 2023 er det fiskekvote på 8076 tonn brosme nord for 62° N.[2]
Sportfiskarar fiskar gjerne etter store brosmer. Norsk rekord er 17,2 kg[3]
Fiskekjøtet er kvit, og vert omtala som fast og fint. Smaken kan minne om hummar. Tradisjonelt har brosme vorte brukt til tørr- og klippfisk[4]. I det daglege kosthaldet har lettsalta , kokt brosme, gjerne servert på flatbrød eller lefse, vore vanleg[5]. Mange reknar det tjukke skinnet som ein delikatesse.
Brosme er og ein god steikefisk. Det er i dag ikkje uvanleg å legge han på grillen, bake i omn eller bruke i vokk.