Brian Labone | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 23. januar 1940 Liverpool |
Død | 24. april 2006 (66 år) Liverpool |
Idrett | fotball |
Tok del i | VM i fotball 1970, EM i fotball 1968 |
Brian Leslie Labone (23. januar 1940–24. april 2006) var ein engelsk fotballspelar frå Liverpool. Han spelte midtstoppar på Everton FC, og var med om å vinne ligaen to gongar og FA-cupen.
Labone var aktiv for Everton frå 1958 til 1971, spelte 534 kampar. Han vart ligameister med laget i 1963 og på ny i 1970. I 1966 kunne han som kaptein heve FA-pokalen etter finalesiger 3–2 over Sheffield Wednesday, to år seinare tapte Everton FA-cupfinalen mot West Bromwich Albion.
Labone spelte 26 landskampar for England. Tre av kampane kom i 1962/63-sesongen, resten i tida mai 1967 til 14. juni 1970. Under Fotball-VM 1970 var han midtstoppar i tre kampar. I hans siste landskamp rauk England ut av meisterskapen etter tap 2–3 mot Tyskland.