Brexit (samansett av «Britain» og «exit») er eit utbreidd namn på prosessen med å ta Storbritannia ut av Den europeiske unionen (EU).[1] Landet blei medlem av EU i 1973. I 2016 stemte eit fleirtal i ei rådgjevande folkerøysting for å forlata EU, og i 2020 skjedde det offisielt. Storbritannia er den einaste nasjonen som har forlate Den europeiske unionen.[2]
Den britiske folkerøystinga om medlemskapen vart halden den 23. juni 2016. 51,89 % av veljarane stemde for å forlata EU, medan 48,11 % stemde for å verta verande i EU.[3]
I mars 2017 vedtok det britiske parlamentet ei lov som gav regjeringa fullmakt til å forhandla om Storbritannias uttreden frå EU. Etter at denne loven vart sanksjonert av dronninga den 16. mars 2017 kunne regjeringa kunngjera overfor EU at landet hadde til føremål å melda seg ut, noko som sette i gang utmeldingsprosessen gjeven i artikkel 50 i Maastricht-traktaten.[4]
Forhandlingane om å melda Storbritannia ut av EU byrja formelt då regjeringa til Theresa May aktiverte artikkel 50 i Traktaten om Den europeiske unionen. Denne artikkelen kom inn i traktaten då Lisboatraktaten tredde i kraft i 2009. Artikkel 50 vart aktivert 29. mars 2017 då eit brev om Storbritannias utmeldelse vart overlevert presidenten for Europarådet, Donald Tusk.[5] Forhandlingane vert forventa å vara i to år, men tidsfristen kan forlengast.
Theresa May etablerte ein eigen minister for utmelding frå EU i juli 2016.[6] Forhandlingane var stipulert til å vara i to år. Statsminister Theresa May la opp til ei omfattande frihandelsavtale med EU til erstatning for medlemskap.[7] EUs leiing la i utgangspunktet opp til handelsavtale omtrent som den Canada har, men regjeringa ved brexit-minister David Davis sjølv ynskte ein meir omfattande avtale enn Canadas og Japans, òg omtalt som «Canada+» eller «Canada++», der blant anna finansielle tenester skulle inngå, Overgang til EFTA og eventuelt EØS er ei aktuell løysing for Storbritannia, ei løysing den britiske regjeringa avviste etter folkerøystinga.[8][9][10][11][12][13]
Utanriksminister Boris Johnson og David Davis kunngjorde 8. og 9. juli 2018 at dei trekte frå seg sina stillingar fordi dei meinte at strategien til regjeringa for å forlata EU ikkje var radikal nok.[14] Mays regjering vart 6. juli samde om å arbeida for ei frihandelsavtale med industri- og jordbruksprodukt der Storbritannia i praksis vert verande ein del av EU sin indre marknad for varer men ikkje for tenester. May ynskte òg eit regelverk for rørsle av arbeidskraft.[15]