Borgarsyssel Museum

StadSarpsborg kommune
Skipa1921
Kart
Borgarsyssel Museum
59°16′42″N 11°07′25″E / 59.27840389°N 11.12366806°E / 59.27840389; 11.12366806

Borgarsyssel Museum er eit museum i Sarpsborg kommune i Østfold fylke, og er fylkesmuseum for Østfold og bymuseum for Sarpsborg. Det blei skipa i 1921.[1]

Museet, som er eit frilandsmuseum, ligg nært Sarpefossen. På området er ruinar av ein av mellomalderkyrkjene i Sarpsborg, Nikolaskyrkja frå om lag 1115, utgraven ved 900-årsjubileum til byen i 1916. Omkring ruinane blei det skipa ein park. I samband med denne blei museet etablert i 1921. Da blei sorenskrivargarden Snekkenes frå Rakkestad flytta hit. I 1930 og 1939 blei staden utvida.

Til museet er det flytta hus frå bygdene i Østfold i tillegg til eit gammalt gjestgivargard frå Sarpsborg. Ein murt arbeidarbrakke, St. Olavs Vold, blei bygd på området på midten av 1800-talet med opphavleg 20 leilegheiter, av dei er ei bevart. Bygningen, som blei innlemma i museet i 1956, rommar også eit arbeidarmuseum og ei bygningshistorisk utstilling.

I 1951 blei eit administrasjons- og magasinbygg vigd inn med mellom anna ei oldsaksamling og ei eiga bysamling for Sarpsborg. Her finst også Østfold-galleriet med mellom anna ei samling høgsetetavler, i tillegg til Sørnes-uret, eit unikt astronomisk ur.

Borgarsyssel Museum er sentralarkiv for Østfold, og her finst lokalhistorisk materiale i original, kopi eller på mikrofilm. Museet har ein eigen restaureringsverkstad.

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Borgarsyssel Museum - I hjertet av SarpsBORG», ostfoldmuseene.no (på norsk), henta 5. juli 2024 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]