«Birds» | |||||
---|---|---|---|---|---|
Eurovision Song Contest 2013 | |||||
Land | Nederland | ||||
Artist(ar) | Anouk | ||||
Språk | Engelsk | ||||
Komponist(ar) | Tore Johansson og Martin Gjerstad | ||||
Låtskrivar(ar) | Anouk Teeuwe | ||||
Resultat | |||||
Nederland i Eurovision Song Contest | |||||
|
«Birds» (engelsk for Fuglar) var det nederlandske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på engelsk av Anouk. Songen er skriven av Tore Johansson, Martin Gjerstad og Anouk Teeuwe.
17. oktober 2012 valde Televisie Radio Omroep Stichting (TROS) Anouk internt som representant for Nederland i Eurovision Song Contest 2013.[1] Anouk valde sjølv «Birds» og presenterte songen på ei pressekonferanse 11. mars 2013.[2] Sidan berre Frankrike, Italia, Storbritannia, Spania, Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige er direktekvalifisert til finalen må kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Nederland vart tildelt ein plass i den fyrste semifinalen 14. mai 2013 i Malmö Arena.